Leveld Kunstnartun tilbyr gratis arbeidsplass til biletkunstnare, forfattarar, kuratorar, filmskaparar, danserar, scenekunstnarar, musikarar, komponistar, kunstnarar innafor nye mediar og arkitektar.
Dei besøkande kunstnarane kjem frå Noreg og heile verda for å arbeide i våre atelierer og verkstedar i 1-3 månader.
LKT mottar støtte frå Norges Kulturdepartement, Norsk Kulturråd, Viken Fylkeskommune og Ål Kommune.
Leveld Kunstnartun ligg i Leveld i Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen.
Bygda ligg 700 moh, ved foten av Skarvheimen og er ei levande bygd med rundt 300 innbyggjarar.
Leveld Kunstnartun byggjer på Leveld si kulturhistorie. Mange kunstnarar reiste til denne bygda for å hente inspirasjon og arbeide. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet.
Gerhard Munthe kom fyrst på 1880-talet. Seinare, frå 1930 og utover, kom fleire. Mange vart fascinert av lyset i Leveld, og mange av dei var knytt til det antroposofiske miljøet, inspirert av Göthes fargelære. Nils Ellingsgard, som har skrive om biletkunsten i Hallingdal, meiner desse kunstnarane skaffa Leveld ein plass i norsk kunsthistorie.
Fleire kunstnarar følgde etter Munthe: Thor Bøhn, Gøsta Munsterhjelm, Karl Høgberg, Kaare Wildhagen, Fridtjof Smith-Hald d.y., Alvhild Bratt, Hetty Gleditsch, Pelle Roll Thommesen og Alf Jørgen Aas var biletkunstnarar.
Jens Bjørneboe og Agnar Mykle var blant forfattarane. Begge bygde seg feriestad i bygda. Stabburet som Jens Bjørneboe budde fleire somrar i, står i dag i kunstnartunet. Gulle Brun og Signe Seim har begge funne del av si diktarstemme i Leveld.
Neste søknadsfrist for gjestekunstneropphold er 1. april! Søknadsskjema finner du her.