– Aasen-tunet er eit samlingspunkt i regionen, det er kjempeviktig fordi vi er så spreidde, seier forfattar Hilde Myklebust, som var profilert under Boknatta natt til i går. I år som i fjor ville nynorsksenteret ha den lokale forfattaren på scena i ein halvtime, først for å lese, sidan for å bli intervjua av journalist og kritikar Sindre Hovdenakk. Boknatta og dei nynorske festspela er bare nokre av dei mange kredd-arrangementa som blir halde her, og som Myklebust har vore invitert til. Kva betyr det for sunnmøringen at Aasen-tunet også har ein posisjon i nasjonal samanheng? - Det er ein stoltheit i at eit nasjonalt nynorsksenter er plassert akkurat her, seier vanylvingen på Hotell Ivar Aasen, morgonen etter Boknatta 2011. Bli med tilbake til Aasen-tunet i lunt lys, ei laurdagsnatt i november:
Hilde Myklebust gjekk først gjennom Kaféområdet på Ivar Aasen-tunet, og viste veg til "back stage". Her, i garderoben bak podiet i storsalen hovudhuset. Med plass til 110 sitjande publikummarar, er dette ein sal for ettertanke og ro rundt litterære arrangement. Det har vore rett for formidling av Myklebusts poesi. Og no også for den første romanen hennar. Han er tjukk av sider og av språk. Bokmeldar Bror Hagermann skildrar boka slik i Klassekampen: Her formidler hun kunnskaper det knapt er mulig å lese seg til, i et språk som drar oss rett inn i begivenhetene: Hosten til en av arbeiderne, framkalt av det allestedsnærværende olivinstøvet, lyder «som pukk mot en forskalingsplate». Her finnes originale, sterke bilder av kjærlighet, og en begravelsesscene som er så vittig og skarpt formidlet at den nesten er verdt bokprisen i seg selv. Tonen i meldingar har vore like entusiastisk for diktsamlingane hennar. Difor har ho altså vore gjest og bidragsytar på Tunet før. Myklebust er sjølv vanylving, ein lokal forfattar, som dei igjen var stolte over å presentere på Tunet laurdags kveld; no med romanen Glødepunkt; ei bok som fekk merksemd ut over landegrensene då ho kom i haust. Myklebust er elles småbrukar, bibliotekar og poet, med to diktsamlingar og ei barnebok bak seg. Ho har også skrive lyrikk for barn som blei trykt i ein antologi. Også andre antologiar, som Akkurat Nå har bidrag frå Myklebust. På ulike måtar har ho vore engasjert i arbeid på Tunet; som forfattar av spelet Tunkatten, som ein av forfattarane av stykket Forteljingar, og som gjest på fleire arrangement. Myklebust har blitt profet i eige fylke. Men ho er også anarkjent utanfor fylkesgrensene. Det er bare eit par år sidan NRK Radios Poesitid laga ein times langt program frå småbruket hennar i Syltedalen.
Og NRKs diktformidling har også vore tematisert under bokarrangementet denne laurdagen. Ikkje Poesitid direkte. Det programmet tok over etter Min ønskedikter. Min ønskedikter tok over etter Ønskediktet. No heiter NRK Radios poesisatsing Diktafon. Diktformdling har alltid vore ei satsing frå rikskringkastinga. Men poesiformidlaren og radiomannen Hartvig Kiran har vore vanskeleg å erstatte. Diktaren, gjendiktaren, journalisten og språkpolitikaren vart i går kveld sjølv formidla, av forfattar og journalist Erling Lægreid. På Ivar Aasen-tunet var det laurdag ein heil dag, kveld og natt med litteraturarrangement. Det begynte allereie klokka tre, med ope kafé, butikk, og ikkje minst tun. Og det er ikkje bare eit tun: Aasen-tunet er senteret for nynorsk i Noreg, og held ope kvar vekedag frå ti til fire om ettermiddagen, og er også ope søndagar. Blant faste ting, har ein her museum om den nynorske skriftkulturens historie, kor Ivar Aasen sjølvsagt er hovudperson. Ikkje minst har ein her nøkkelfestivalen for nynorsk; Dei nynorske festspela. Her blir det også jobba med eit Jon Fosse-arkiv. "Nynorskens Mekka", kallaa Sindre Hovdenakk senteret, då han intervjua Edmund Austigard (f. 1964). Han vitjar Tunet først og framst som forfattar, og aktuell med den tredje boka si, Solskinsbussen. Austigard har tidlegare gitt ut dei to kritikarroste romanane Krinsereglane (2005) og Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu (2008). Blant andre Vårt Land-kritikaren Alf Ketil Walgermo roste debutboka hans, og kalla henne "suveren debutroman". Men visste du at det er økonomi Austigard har brukt mest tid på? Han har skrive diplomoppgåve på BI, og har to mastergradar (sic!) frå amerikanske universitet. Dette er grunnen til at forfattaren var administrerande direktør for Bokdatabasen, og no har fått jobben som forlagssjef for Det norske Samlaget. Det å sjølv skrive bøker, var noko Austigård ønskte sidan skuletida, men som han ikkje heilt turde tru på. Ikkje før etter at Jo Eggen oppmoa han til å sende han tekstar etter ei uhøgtideleg opplesing. Austigård sendte Eggen nokre tekstar, fekk tilbakemelding på dei, og sendte dei så til forlag. Nettsida til Aasen-tunet skriv om Solskinsbussen på denne måten: Dette er ein frittståande oppfølgjar til Krinsereglane, og handlinga er lagt til slutten av andre verdskrigen. Begge romanane tek for seg bygdesamfunnet, og lesaren får ei innføring i uskrivne reglar for kva som gjeld og ikkje gjeld der.
Apropos bygder: Aasen-tunet ligg i Hovdebygda i Ørsta kommune, ei bygd som for ein del nordmenn er vanskeleg tilgjengeleg. Men nettsida gjer at alle kan vitje tunet. På rikhaldige sider finn ein mellom anna unike samlingar av tekstar, arkiv over tidlegare arrangement og utstillingar, og programtips for skular og andre. Ottar Grepstad er redaktør for nettsidene deira, og er også forfattaren bak nynorskbibelen Viljen til språk : ei nynorsk kulturhistorie. Attende på Hotell Ivar Aasen, er det denne boka Hilde Myklebust finn på nattbordet på hotellerommet sitt. Ikkje Bibelen, ikkje Koranen. I margen av denne boka kan ein lese om diverse viktige nynorskbrukarar. Ein av dei er Jenny Magdalene Arnesen, fødd i 1862 i Os. Ho var eit skrivande menneske, og den første som skreiv seg inn om elev ved den nye folkehøgskulen på Moss. Ho var pressekvinne og dramatikar. Men pengane sine, står det, dei tente ho på å lage dokker.