Aktuelt

Grunngiving for tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris for 2011

Då Tarjei Vesaas innstifta debutantprisen sin i 1964, ville han at prisen kvart år skulle gå til ein talentfull, ung debutant. Han mintest sjølv kor viktig det var med oppmuntring og støtte i den tidlege fasen av ein forfattarskap, og han hadde ein genuin sans for det litterære eksperimentet, nok også ein grunn til å rette fokuset mot dei unge.

Då Tarjei Vesaas innstifta debutantprisen sin i 1964, ville han at prisen kvart år skulle gå til ein talentfull, ung debutant. Han mintest sjølv kor viktig det var med oppmuntring og støtte i den tidlege fasen av ein forfattarskap, og han hadde ein genuin sans for det litterære eksperimentet, nok også ein grunn til å rette fokuset mot dei unge.

Prisen går i år til ein lyrikar som skriv fram eit tema som ofte før er handsama i litteraturen, og formmessig sett er det då heller ikkje det nye og grensesprengjande som pregar denne debutboka. Men vi har å gjera med ein poet som viser ein genuin musikalitet i det strofiske; ei varm innføling i det emosjonelle og biletlege; og ein moden autoritet i skriveposituren.

Den unge søstera som blir alvorleg sjuk, er aksen som desse dikta dreiar seg om, og som kastar den andre søstera: diktar-eget, inn i seg sjølv, på den eine sida, og ut i omgivnadene, i naturen, på den andre. Og endå går desse to storleikane, refleksjon og sansing, over i kvarandre hos denne forfattaren, der kjenslene er gjennomlyste av klar innsikt og tankane omskrivne til poetisk persepsjon. Mange av tekstane opnar seg fleirdimensjonalt, og blir såleis i stand til å romme både sorg, omsorg og rådløyse på same tid.

hvor langt inn skal vi lete
med lys og lykter
nåler og nåde
før vi kan lyse fred i kroppen
og si at vi fant det

se vi har skåre oss inn
til benet åpna et menneske
vi ikke kan snakke med

Kontrasten mellom den sjuke og den friske får endå tydelegare relieff av dei erotiske sansingane til den sistnemnde, og ved at desse motsetnadene såpass tydeleg blir samanstilte, oppstår det ei spenning, ein paradoksal affinitet dei imellom, som stiller lesarens erkjenningskraft på prøve. Detaljane i sjukdomen, og korleis den råkar familien, er haldne tilbake i dikta; vi blir gitt ein situasjon, ein tilstand, og glimt av korleis den utviklar seg. At sjukdomen er vagt framstilt, er ikkje til hinder for at den opnar rom i lesaren, slik glimta av den ytre natur og årstidene, opnar sine. Og dei diskrete innslaga av dialekt i bokmålet skaper ein tilsvarande verknad på sitt plan, der vi anar ei innlandsbygd på det nordlege austland.

nå står navna våre i barken, søster
jeg har skåre oss inn med kniv
(…)

det damper av skogen det renner av trærne
de står der og størkner i vinden
det ryker av navna våre:
her er to som vil finnes

Tildelinga av debutantprisen for 2011 er også eit uttrykk for innsikta om den ekstra dimensjonen den viktige og gode litteraturen kan formidle, når forfattaren går til verket med eit vake samvit. Vi meir enn anar eit etisk medvit hos denne forfattaren: ei omsorg som ikkje berre omfattar dei menneske og situasjonar dikta skriv fram, men òg ein sans for alvoret i det å ta ordet som forfattar. Denne skriveposituren, saman med dei litterære kvalitetar som alt er nemnde, gjer då også at vi ventar på framhaldet av forfattarskapen med forventning, og det er ei stor glede å gi Tarjei Vesaas debutantpris for 2011 til Lina Undrum Mariussen.

Stein Versto, leiar for Det litterære Råd