Kroppen til Gunstein Bakke merker nøyaktig når han må legge i ei skie for at elden ikkje skal døy ut. Då reiser han seg, sjølv om det er midt i ei setning. Det er vedomnen i stova på Gotland som held liv i forfattaren.
(Bilde: Gunstein Bakke (t.h) i lag med Tyskland Forfattarlandslags nummer 15 under ein forfattarlandskamp.)
Då DnF fekk sjansen til å presentere eit par av sine forfattarar for Stortingets kulturkomité, valte dei Gunstein Bakke og Toril Brekke. No skal også de andre få møte dei. Gunstein Bakke først: Han er fødd i 1968, og vaks opp i Setesdal. Han debuterte skjønnlitterært i 2000 med romanen Kontoret. Den andre romanen, Den indre olding kom i 2005, og den tredje, Maud og Aud, i år. Det kan sjå ut som om han brukar fire år på kvar roman. Men mellom romanane gjer Bakke mykje for å halde elden brennande. Han gjendiktar, redigerar og er manuskonsulent. Det siste året har han, forutan å skrive ferdig eigen roman, vore medredaktør for antologien Respons 22/7, omsett to romanar av Willy Kyrklund, og jobba med gjendiktningar av Carolyn D. Wright og Gerald Manley Hopkins. Han er medredaktør for omsett poesi hos Samlaget, og er kaptein og angrepsspelar på forfattarlandslaget i fotball. Bakke fekk eit av Bokhandelens stipend i 2007. Har du alltid jobba med så mange ting på ein gong, Gunstein Bakke?
– Nei, no har det vel vore meir enn vanleg.
– Kvifor blei det slik?
– Fordi eg tok opp nokre prosjekt som eg hadde begynt på tidlegare, som eit ti år gammalt samarbeid med ein egyptisk venn om å gjendikte palestinske Mahmoud Darwish. Samstundes var eg i gong med eit prosjekt for Samlaget, og så oppdaga eg den fantastiske Willy Kyrklund, og så har det liksom balla på seg.
– Ein kollega av oss, Pedro Carmona-Alvarez, har samanlikna parallellprosjekt med det å drive ein karjol: Det handlar bare om å feste kvart prosjekt, kvar hest, godt til vogna. Då kan ein styre sju ville hestar på ein gong.
– Eg veit ikkje noko om karjolar. Ikkje stort om hestar heller.
– Men du bur i eit hus på Gotland, kor du fyrer med ved?
– Ja. Vedkomfyren held liv i meg og styrer skriverytmen min. Kroppen merker nøyaktig når eg må legge i ei skie for at det ikkje skal døy ut. Då reiser eg meg, sjølv om det er midt i ei setning.
– Vesaas hadde vel også arbeidsbordet sitt attmed vedkomfyren?
– Stein Versto viste meg ei bu Vesaas hadde hatt, ved eit vatn i Vinje. Inne i bua låg buksa hans.
– Er det greit med så mange parallelle prosjekt?
– Nokre gongar blir eg stressa. Då har kusken ramla ned frå karjolen, fått taumane vikla rundt seg og blir dregen i alle himmelretningar av det løpske hestespannet. Eg har ei venninne på Gotland som snakkar om Post-Exhibisjonelt Chock. Ho er biletkunstnar, og redd for kjensla av tomheit etter ei utstilling.
– Rekk du å kjenne på tomheit, du som fyller inn med småprosjekt mellom dei store prosjekta?
– Det er vanskeleg når ein roman nett er kommen ut. Eg tenker at eg skal sitte og jobbe med noko anna og komme meg vidare, men det er fort at ein blir eit insekt som berre vil stange mot lyset.
– Du verkar disiplinert, som samlar alt internettarbeid til ein bibliotekstur i veka.
– Eg jobba for NTB i fire år. Det handla om å følgje med på nyhendestraumar på internett. Det festa seg ein djup stressimpuls i meg som eg vernar meg mot.
– Kvifor bur du på Gotland?
– Eg er mykje i Noreg også, framfor alt i Oslo. Men eg har eit sterkt forhold til Gotland. Det er utruleg vakkert der, men likevel ingen idyll, ein kjem liksom så nær innpå noko eg får kalle eksistensielt. Eg har tinga mine der, og den beste arbeidsrytmen min. Ein fordel med den tida vi lever i er at vi veit meir om ulike delar av verda, og kan finne fram til stader som taler til oss, stader kor vi kan vere. For meg blei det Gotland.
– Det gir meg ein overgang til nynorsk. Valfridomen. For den siste romanen din har du gått over til nynorsk.
– Dialekta mi er ein plass mellom bokmål og nynorsk. Men eg liker ikkje bastardaktig nynorsk som har for mykje bokmål i seg. Eg skriv nokså konservativt sjølv, på begge målføre. Eg vil halde på avstanden, på forskjellen. Det er verkeleg tøft at vi har to språk.
– Du holdt eit lite framlegg under møtet mellom DnFs styre og Stortingets Kulturkomité. Eit av komitémedlemma lurte på om forfattarar skriv av forfengelegheit eller for sitt eige ettermæles skuld. Kva tenkte du då han sa det?
– Eg skriv for å finnes i verda. For nomælet, ikkje ettermælet.