Post
Til Paal Helge på jubileumsdagen.
Førti – femti maskinskrivne sider samla i ei mappe. Du pressar mappa ned i konvolutten, og skriv Det norske Samlaget sin adresse på framstida. Jens Bjelkes Gate. Du ventar på svaret. Når du går til postkassa, ser du etter ein konvolutt med Samlagets logo. Helst ein tynn konvolutt, ein som berre har eitt ark i seg. Eit ja.
Berre dagar seinare kjem det eit brev. Ein tynn konvolutt, utan logo. Ein konvolutt som får plass i handa. Ikkje større. Men ikkje lite heller. Det er frå Tarjei Vesaas. Eitt ark. Større brev treng ikkje ein stor diktar for å gi ein kompliment.
Samlaget hadde sendt manuset ditt vidare – frå Oslo til Vinje, til Halldis Moren Vesaas. Ho sitt med manus, og er konsulent på det. Det får du vite gjennom brevet frå Tarjei. Kan manus bli bok, spør Samlaget. Svaret frå Halldis er visst eit Ja – i form av entusiastiske utrop. Ho liker manus så godt at det høyrest heilt inn til skrivestova til Tarjei.
Lyriske fragment som små bobler stig opp i gjørma mellom tuene. Der nede korte lyseraude planter. Saftige stilkar og trådar med rader av seige dropar, klare i lyset, klistrar seg fast til huda når ein rører dei (45) side ved side med lungeanatomi: (…) Noko som veks seg stort i kroppen, og let etter seg uroleg og tomt. Eg kan vakne om natta og vite det, utan namn (46) og utdrag frå medisinsk handbok. Når smittestoffet har slått seg ned i lungene, blir det danna hampefrøstore, gråleg-kvite knutar i lungevevet (51).
Ved myrer veks rundsoldugg, ein blæreblome. Blærene har enzym lik dei vi har i magesekken. Enzym bryt ned komplekse protein til mindre molekyl. Mindre molekyl kan rundsoldugg fordøye. Dokumentarbøker er ein sjanger der faktasetningar får stå på same avsnitt som spekulasjonar. Samlingar av gestalta og organiserte faktafragment, til det dokumentartekstuelle. Du skriv Anne når den kalde krigen er heit. Ho er musikalsk. Men dikt kallar de det ikkje, ikkje eingong når høgremargen er ujamn. Tekst, seier de, på sekstitalet.
Pionen er av dei første blomane av året. Pioneren ryddar grunnen for dei som kjem etter. Usentimentalt, erkjenne at det må døy, for nytt liv. Blod i kvit ull. Raud dampande buk, med glatte hinner over alt kjøtet. Kjøt kjøt. Mat til menneske, til meg. Gøym meg Saugeaugo rykker lenge etter slaget (31). Som isbreen smeltar, smeltevatn blir til elver, elver til hav. Berre litt av meininga er over yta, resten under vatnet, mellom linene. Is har ein fast orden mellom vatnmolekyla. Strukturen losnar når varme blir tilførd. Affektar blir tilførde tekst. Tekstar i Anne er molekyl, i luft. Ved første augekast utan orden. Men sjølv i damp følgjer molekyl reglar om korleis partikla snur seg til og frå kvarandre. Tekstpunkta i Anne gir plass til meg. Forteljaren styrer ikkje lesinga. Han er der i nokre sider, før han trekk seg attende.
Bøyer ein seg ned, ser ein fluger som heng fast (45), skriv du. Du kunne ha skrive Eg bøyer meg ned og ser at fluger heng fast. Ikkje fastfrosen. Ikkje tett. Slik andar du liv inn i teksten Anne.
Det boblar frå botnen av ei myr. Lunger vidar seg ut, drar oksygen inn, slepp lufta ut att. Eg blar om, fort, vil gå ut, feste nye dagar til bringa (46). Eg skumles; les skum inn i teksten, luft inn i verket. Andar inn, respirerer. Inspirert, skapar eg med Anne. Mellom tekststykka fyller eg inn. Mellom kortprosa, eit utklipp, eit faktisk dokument,
og ein og annan tekst med ujamn høgremarg
er det plass til meg og mine assosiasjonar, minne, erfaringar.
Eg bur i Glasgow, og studarer kunst. Draumen er idealet. Så lenge det er muleg, halde seg i draumestadiet,
seier Eck Finlay,
son av Ian Hamilton Finlay. Eck vaks opp i Garden of Concrete Poetry, vaks opp mellom dikt hogga ut i solid stein. Eck flyttar til Edinburgh, startar eit forlag, og lagar antologien Dreams/ Prospects for a Scottish Parliament. Han held ei forelesning ved Glasgow School of Art;
ein invitasjon til å bidra til antologien Dreams, kviskrar han,
som var eit lungesjukt barn, og måtte ligge til sengs frå han var fem til han var femten. Som meiner at han vart poet og bokskapar
fordi alt han såg
som barn
var kvite laken. På dei dikta han forteljingar, seier Eck Finlay.
Skaparen av konkret poesi. Ein tidleg brukar av ord som materiale, tekst som byggesteinar. Ian Hamilton Finlays Garden of Concrete Poetry står framleis. Han står der fysisk, i Skottland, og han består som ei lyrikklegende. Finlay forma generasjonar. Anne gjer også det. Det hjelper på spreiinga av den smale litteraturen at boka får Kulturrådets store litteraturpris. Slik får den bli til inspirasjon for etablerte så vel som uetablerte forfattarar i heile Norden. Anne er ikkje som dokumentarromanane frå den kalde krigen; er ikkje berre tekstcollage av fagdokument. Anne har readymade tekst. Men dei saklege tekstane blir mjuka opp av det skjønne. Sakleg, skjønt, sakleg. Stort medvit om vala. Vel ein ei bestemt form, har ein også valt ei bestemt retning i innhaldet, skriv du, i etterordet til 1975-utgåva: Også i formene ligg mønster frå samfunnsliv og ideologiar gøymde, vi må arbeide med formene, forstå deira tilknyting til det liv vi lever og det samfunn vi lever livet i (83).
Du skapar den norske punktromanen. Punktromanen slår ned i ei verd av krig som blei kalla kald, men der det var operasjon, intervensjon. Vietnamkrigen tetnar til. Om du ikkje kan blåse mild luft inn i verda, gjer du det i tekst.
Førti – femti år seinare hugsar du framleis brevet frå Tarjei; det å bli kontakta, utan vidare. Du sender meg post. Ein ekte pakke med frimerke på tjukt, brunt papir. Påskrifta er handskriven, og med Paal-Helge Haugen sin signatur på baksida. Skrifta er trykt ned med ei skrivevand hand, av han som eg hadde lese så mange trykksaker av. Men ikkje Kvartett, som er i pakken frå deg. Forlaget ville koste ein boks på Kvartett. Det var ei stor hending for dei, for litteraturen, at desse bøkene kom ut. Ein plastpose, det får duge, sa du. Eller noko i den duren. Puff, sa eg til forlaget mitt, eit tiår seinare. Eg skulle gi ut eit langdikt. Det var spørsmål om form og innpakning til boka. Ein plastpose, sa eg: Desse plastdikta treng ein plastpose. Kvartett sette meg i tankar om den. Tankar om punktromanen hadde eg lenge før eg las Anne. Eg oppdaga boka etter sjølv å ha skrive dokumentarbasert punktroman. Det var som å finne ein ven i ei einsam tid.
Vi fekk henne inn i dag, frå eit dødsbo, eit fint eksemplar ikkje sant?
Bibliotekaren er overraska. Eg er overraska. Han er overraska fordi eg spør etter denne boka som ingen har spurt etter på lenge. Eg er overraska fordi han har fått eit fint eksemplar inn av boka eg etterspør – den same dagen som eg spør. At han har denne boka, ei grøn lunge av heite litterære nyhende
i ei tid av kald krig
overraskar meg ikkje. Overraskande, er alt som passar så godt. Det som passar for godt. Det er noko urovekkande over det som passar for godt. Som folk med lue, skjerf, jakke, bukse i passande fargar. Dagen kjennest kalkulerande. Boka Anne, tekstarkeologi i familiehistorie, frå eit dødsbo. Og ikkje kva eksemplar som helst. Andreopplaget av Anne, det frå 1975, det med leppemerka
som trykt ned i papiret. Boka er smal, tynnhuda,
med mjuk perm i gråtonar. Åtskilde lepper, avteikna på raster. Dei grove korna liknar opne porar, som hud som slepp avfallsstoff ut, slepp tankar inn; inn til blodet kjem oksygen. Oksygen kjem til hjernen. Hit kjem elektriske impuls, via nervar; elektronar som skyt, som skapar nye impulsar, idear, kjensler, eller kva det er, dette som er så vanskeleg å skrive sikkert om, i sakprosaspråk. Poesien er det heller lite hjelp i. Ikkje gå til poesien om du har problem i kjærleikslivet. Til poesien går du om du har språkproblem, sa du. Det var på Bjørnsonfestivalen, og i godt lag; med andre poetar. Påstanden passar godt på andre fenomen også: Gå ikkje til poesien om du må skrive om meir metafysiske tema. Gå ikkje til poesien om du er tvungen til å setje ord på det som er vanskeleg å vite noko sikkert om. Dokumentarisk material ligg i botnen av Anne. Teksten blir ei kiste, ei utan botnar. Anne kjem til Deichmanske Torshov med posten, i ein boks, frå eit dødsbu.
(Essayet er frå ein antologi om Paal Helge Haugens forfattarskap eit tjuetals bidragsytarar har levert tekstar til den, som vart presentert for Haugen under fødselsdagsmarkering i Cappelen Damms lokaler fredag. Boka som er lagt til grunn for essayet, og sitata, er 2. utgåve, 2. opplag – Det norske Samlaget, 1975.)