Ordkalotten er den største skjønnlitterære litteraturfestivalen i Nord-Noreg, og er en ein av litteraturfestivalane i Noreg som får mest støtte frå Kulturrådet. Dei er sikra 250 000 kroner kvart år i to år fram i tid. Til samanlikning får poesifestivalane Audiator og ÆÅ 100 000 kvar. Denne støtta er bare sikra for eit år. Men som sagt: Ordkalotten er ein viktig festival i nord. Han er ikkje den einaste, må seiast. Allereie til helga blir det litteraturfestival, då i Melbu i Vesterålen, og då om litterær sakprosa: "Verden sett gjennom kunstnerøyne". Ordkalotten er den største skjønnlitterære festivalen i nord, og skjer oi månadsskiftet september – oktober. I år er tema "Havet, døden og kjærligheten". Festivalen slapp i dag fire forfattarnamn for programmet. Blant desse er Sigrid Merethe Hanssen, som debuterte med ei novellesaming i 2007, og fulgte opp med Ingen heime i 2009. Begge novellesamlingane er gitt ut på Det Norske Samlaget.
Hanssen til Ordkalotten
Ordkalotten er den største skjønnlitterære litteraturfestivalen i Nord-Noreg, og er en ein av litteraturfestivalane i Noreg som får mest støtte frå Kulturrådet. Dei er sikra…