Arne Lygre fekk Brageprisen for sin skjønnlitterære debut Tid inne (2004) og har sidan gitt ut to kritikarroste romanar. Lygre debuterte som dramatikar i 1998 med Mamma og meg og menn og blir regna som ein av dei verkeleg store og viktige norske dramatikarane. Han var husdramatikar ved Nationaltheatret frå 2014 til 2016 og har hatt dramatikken sin spelt på scener over heile verda. I 2013 fekk han den norske Ibsenprisen for skodespelet Jeg forsvinner.
Heddaprisane blei delt ut søndag 18. juni.
Av dei andre nominerte til Heddaprisar i 2017 var mellom anna Sandra Kolstads musikk til Demian Vitanzas dramatisering av Jan Roar Leikvolls Songfuglen og teaterutgåva av Håkon Øverås’ barnebok Brune.