I Samlagets Litteraturselskap sin grunngjeving står det mellom anna at Ragnar Hovland har med si særeigne stemme skapt eit burlesk univers med ulike karakterar og kattar som har gjeve mykje leseglede. Bøkene hans er lesne av alle aldersgrupper og inneheld romanar, dikt, kortprosa, essays, oppslagsverk, sjølvbiografi, lettlesbøker, berne- og ungdomsbøker, sakprosa, drama, noveller og epost i utval. Han har skildra Vestlandet med rock’n roll-perspektiv, humor og sjølvironi, og han fekk raskt eit trufast og ivrig publikum. Hovland har inspirert skuleelevar, forfattarspirar og forfattarar med den leikne skrivestilen og dei sprelske innfalla.