Heimlauses meining om Knausgård

Den engelske utgåva av Karl Ove Knausgårds Min kamp er meldt i ei engelsk gateavis. Avisa, som tilsvarar det norske =Oslo, skriv om A death…

© Johanne Magnus

Den engelske utgåva av Karl Ove Knausgårds Min kamp er meldt i ei engelsk gateavis. Avisa, som tilsvarar det norske =Oslo, skriv om A death in the family under overskrifta "To hell with family ties". Den knausgårdske openheita virkar nok ikkje så framand på britar. Den viktorianske stereotypen seier at dei pakkar ting inn, snakkar rundt ting, og drikk heller ein kopp te enn å konfrontere familiemedlemmar med viktige tema. Men som i andre lands litteratur: familierelasjonar er ryggrada blant litteraturtema. Jane Austen skildrar intrigar, Dickens sosioøkonomisk situasjon, og då særleg gjeld. Heimlause i London, representert ved Doug Johnstone sett Knausgårds prosjekt i eit større (internasjonalt) perspektiv, og drar vekslar på amerikanarane Miranda July og James Frey. A death in the family er tittelen på det første bindet av Min Kamp, og kom ut i Storbrittania i byrjinga av året. Knausgård er ein av gjestane ved den største kunstfestivalen der borte. Den går føre seg i månadsskiftet mai – juni.