Aktuelt

Hemmeleg telefonnummer

Då eg i år skulle gi ut ei ny forteljing, Andvake, var forlaget tidleg på meg og meinte at eg denne gongen burde stille til…

Jon Fosse

Då eg i år skulle gi ut ei ny forteljing, Andvake, var forlaget tidleg på meg og meinte at eg denne gongen burde stille til fleire intervju, det sa eg under tvil ja til, eg har i fleire år no vore ganske atterhalden med å seie ja til intervju, og Samlaget hadde no på sett og vis fortent at eg stilte opp for dei også (og ikkje berre for diverse teater i diverse land). Og dermed vart det vel full pakke, så godt som. Og eg veit meg meg sjølv at neste gong eg gir ut ei skjønnlitterær bok, ja så blir det som med Det er Ales, det får bli med det eine intervjuet.

Eg veit ikkje kva som har skjedd, om det er Noreg som har endra seg, eller om det er min status og posisjon som er endra, det er nok begge deler, men den mediemerksemd som no er rundt forfattaren, ja slik var det ganske enkelt ikkje før, ikkje på åttitalet, ikkje på nittitalet. Det var sjølvsagt ikkje slik rundt meg, men det var ikkje slik rundt andre heller. Om eg då ikkje hugsar heilt feil. No er det litt som om forfattaren blir søkt gjort til kjendis, og det er knapt nok fordi forfattaren vil det sjølv, men fordi ei slags kraft i medieverda vil at han eller ho skal bli det. Og då gjeld det å passe på. Då gjeld det å seie nei. Eg seier sjølv nei til, med unntak, alle førespurnader om å kome på fjernsyn (til dømes takka eg nei til Skavlan og skryt gjerne av det).

Det å vere forfattar og det å vere kjendis er motsetnader.

Ein vil vere kjend som forfattar, ja sjølvsagt, men ikkje som person.

Eg tenkjer på Tor Ulven, som i heile sitt liv stilte opp til eitt einaste intervju. Og eg tenkjer med stor vørdnad på Stein Mehren, som også alltid held seg unna.

Intevju, lanseringsfestar, opplesingar, styr og stell slik det no er blitt. Kva er det godt for? Litteraturen? Forfattaren? Lesaren?

Eller er det berre godt for media? At dei liksom får sitt?

Eg trur at fleire enn eg hadde vore tente med å ha hemmeleg telefonnummer.

Jon Fosse