Her er kulturbudsjettet

I dag legges statsbudsjettet frem. Her er budsjettforslaget til Kulturdepartementet.

Les budsjettforslaget her:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-20222023/id2930765/?ch=1

Les Heidi Marie Krizniks kommentar til budsjettforslaget her:

I departementets egen pressemelding heter det:

Satsar meir for å få fleire til å lese bøker

– I Noreg les vi færre bøker enn før, og mange les ingen. Det uroar oss, og difor satsar vi stort for å få snudd den negative trenden, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Regjeringa føreslår å auke tilskota til litteratur- og leselysttiltak. I tillegg skal regjeringa kome med ein ny leselyststrategi, og auke prosjekt- og utviklingsmidlane til biblioteksektoren.

– Å lese gjer oss ikkje berre rikare som menneske, det gir oss også kunnskap og innsikt. Lesing og litteratur er viktig for demokratiet vårt, difor tek vi grep for å styrke feltet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Ipsos leseundersøking for barn og unge viste at 32 prosent av gutar mellom 16 og 19 år ikkje las ei einaste bok i 2021. Eldre barn les mindre enn yngre, og gutar mindre enn jenter. Samtidig les foreldre mindre for barna sine enn før.

10,6 millionar kroner meir i støtte til litteratur- og leselysttiltak

Den føreslåtte auken skal fordelast til fleire:

  • Leser søker bok: Tilskotet aukar med 1 million kroner til totalt 8,5 millionar kroner. Foreininga arbeider for at alle skal ha tilgang til litteratur, uansett lesarnivå.
  • Foreningen !les: Tilskotet aukar med 1 million kroner til totalt 6 millionar kroner. Foreininga arbeider med tilgang til litteratur, formidling av litteratur og leselyst for alle.
  • Norsk barnebokinstitutt: Tilskotet aukar med 1 million kroner til totalt 17,6 millionar kroner. Organisasjonen arbeider med kunnskapsutvikling, kurs og utdanning på det barnelitterære feltet.
  • Språkrådet: Løyvinga aukar med 1 million kroner til totalt 46 mill. kroner. Språkrådet arbeider for å fremje norsk språk på utsette samfunnsområde, og auken skal gå til oppfølging av språklova
  • Norsk bibliotekforening: Tilskotet aukar med 180 000 kroner til totalt 715 000 kroner. Foreininga arbeider med å fremje kunnskap om biblioteka sine oppgåver i samfunnet.
  • Tildelinga frå speleoverskotet til leselysttiltak og litteraturformidling i bibliotek vil bli auka med 5 millionar kroner.
  • I tillegg vil vi tildele særskilde tilskot til Litteraturhuset i Bergen på 1 million kroner og 400 000 kroner til Litteraturhuset i Fredrikstad i 2022.

Litteratur for alle

For å få leselysta opp meiner regjeringa det er naudsynt med breidde, kvalitet og god tilgang til bøkene.

– Vi kan ikkje berre ha nokre få, utvalde bestseljarar i hyllene. Vi må sikre eit mangfald av bøker, forfattarar og utgjevarar. Alle må ha tilgang til relevant litteratur, uansett kven dei er eller kvar dei bur, og det gjeld både på bokmål, nynorsk og samiske språk, seier Trettebergstuen.

Regjeringa meiner forslaget til ny boklov, som no er ute på høyring, vil spele ei viktig rolle for å nå dette målet. Boklova skal bidra til å sikre tilgang til god litteratur – til same pris – over heile landet.