Historiar på tur

Kor i huset ditt ville du lagt hundreår gamle manus, og handskrivne brev signert Sigrid Undset, Knut Hamsun, Kjell Askildsen? Timesvis med lyd- og filmopptak…

nasjonalbib_3

Kor i huset ditt ville du lagt hundreår gamle manus, og handskrivne brev signert Sigrid Undset, Knut Hamsun, Kjell Askildsen? Timesvis med lyd- og filmopptak frå forfattarfeidenes storheitstid; seksti- og søttitalet? Dokument frå byrjinga av DnFs 120-årige historie, og bilde, tekstar, bøker? Nokre av dei så skjøre at dei, om dei skulle bli flytta ein gong til, kunne ramle frå kvarandre. Det hjelper ikkje at damene i DnFs administrasjon handsamar materialet med maksimal varsamheit og respekt: arkiv treng ein trygg plass å vere. Rådhusgata 7 har ikkje hatt dei rette romma for å oppbevare dei. DnF har ikkje råd til å ta dei grepa som trengst, for rett behandling. Sekretariatet får ideen om å overdra det siste av DnFs arkiv til Nasjonalbiblioteket. NB sa ja, og DnFs styre og administrasjon var letta og glad. 

Gøymt bak dører og gras

DnF er ein av mange institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som har gitt arkivet sitt til Nasjonalbiblioteket. Seksti gongar i året, altså over ein gong i veka, hentar Nasjonalbiblioteket eit privat arkiv som nokon gir bort. 

– Ein gong måtte vi vente til slåtten før vi kunne hente samlinga, forklarar forskingsbibliotekar Benedikte Berntzen. Ho måtte vente til graset var slått fordi materialet  var på ei løe bak ei ekre høg av gras. Kvart objekt i Nasjonalbiblioteket har ei historie. At du får boka, og les den; kva du les den som, er siste kapittel. Nest siste kapittel er reiseskildringa av Nasjonalbibliotekets turar mellom Solli Plass og givaren. I dømet DnF, er det snakk om seks pallar med materiale. Materialet har til no vore på dårleg sikra rom og i ein safe; på eit loft, i luft som ikkje er regulert. 

Det er ein av grunnane til at DnF, sommaren 2014, gir protokollar, brev, stipendsøknadar og så vidare, til NB. I NBs DnF-samling er arkiv etter organisasjonens formenn og leiarar, som brev, manus, private dokument. NBs konservatorar fjernar plastlommer, binders og anna som øydelegg papiret. Dei legg det i esker, og katalogiserer og tilgjengleggjer det. Materialet blir formidla på spesiallesesalen. NB avklarar opphavsrettslege ting med dei som eig rettigheitene. 

Innsyn?

For deg betyr dette tilgjengelegheit. Du er berre ein tur unna å sjå Knut Hamsuns handskrift i fysisk format. Ein del av materialet vil framleis vere løynd, av omsyn til personopplysingar, eller av andre grunnar. Forskarar og andre som søkjer om innsyn kan likevel komme til materialet. Men mykje stoff kan alle som vil oppsøkje få tilgang til – på Solli Plass, eller i Nasjonalbibliotekets digitale rom. Og apropos digitaliseringa: 

Kva kan samtida sine privatarkiv bli sjåande ut som, spør assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold: 

Papir er tross alt noko bestandig. Med mindre det er kasta eller brent. Kva skjer med dei digitale arkiva? 

Krev det at Nasjonalbiblioteket i større grad  tar kontakt med forfattarane no, og samlar korrenspondanse, manus, anna digialt materiale? 

Historikk

For nyankomne; ein kjapp repetisjon av DnFs første år, som er 1893, då son av Jonas Lie, Erik, kjem til Oslo for å feire far Jona Lies sekstiårssal. Forfattarsonen tar inn på Grand Hotel, i eit stort, flott rom. Der utviklar han – fortel NBs Benedikte Berntzen i eit innlegg – ideen om ei norsk forfattarrørsle. Ideen har han frå Frankrike, der ei foreining er etablert. Lie Jr. samlar kompisane – og kollegaene – Nils Kjær, Vilhelm Kragh og andre yngre forfattarar. Dei har til felles at dei står utanfor det meir etablerte i bransjen, og har ikkje stønad frå forleggarane. Dei unge forfattarane fekk også nokre av dei etablerte og vel posisjonerte forfattarar til å skrive under på eit opprop, som blei til Forfatterforeningen. I 1894 blir ein invitasjon sendt til rundt 80 forfattarar, til eit møte og medlemsskap i foreininga. Møtet står i Den norske Studentersamfunds lokale i Universitetsgata 26, 9. mai 1894. Henrik Ibsen er blant dei som kjem til møtet, og skal ha sagt i ettertid «den ubehageligste Forsamling jeg nogensinde har været i.» Ibsen stilte ikkje i fleire møte i DnF, men var medlem fram til sin død.

Også Hamsun var invitert inn som medlem. Men Erik Lie hadde kalla Hamsun «en litterær negerkomiker» i Dagbladet. Svaret frå Hamsun overraska Benedikte Berntzen, som har nærlese materiale frå Forfatterforeningens først åra: Det er Hamsuns audmjuke haldning som overraska Berntzen. Hamsun sendte eit handskrive brev til Lie, med ein ganske nøktern tone. Om Hamsun eigentleg var ønska i foreininga? Dette skal ha vore noko av det Hamsun spurde seg – og Lie – i brevet. Men heile brevet får du altså snart tilgjenge til på biblioteket. 

DnF og kvinnene

Det var ein gong at kvinnene fekk halv kunstnargasje fordi dei åt mindre enn menn. DnFs fire første damer er Selma Lønning Aarøs tema, i framlegget «Jeg kan faa hundrede Mandfolk! Men hvor finder jeg et Menneske?» Kvinnene og stiftelsen – med vekt på Anna Munch. 

Av dei første populærlitterære forfattarskapa er Clara Tschudi (1956-1945), som skreiv bøker om kvinnelege geistlege, som Keiserinne Augusta, Maria Sophia av Napoli, og fleire. Asta Graah (1861 − 1946) er ein annan av dei tidlege forfattarane.

Kvinner har kjempa for å få skrive også på andre måtar. Far til forfattar Anna Munch (1856-1932) hevda at kvinnens hjerne hadde eigenskapar som elles er assosiert med lågareståande organismar. Den første mannen hennar skal ha vore tyrannisk, og ønskte ikkje at ho skulle skrive. Ho skal ha nemnt, i eit brev, at mannen har skjult alt der er at skrive paa. Men så blir også Munch skilt frå mannen. Og skal ha blitt blitt uvanleg oppteken av Knut Hamsun. Munch får skulda for ei rekke anonyme stalker-brev som Hamsun får omkring hundreårskiftet. To mennesker er ifølgje Aarø ein nøkkelroman i forståinga av Munchs fascinasjon til Hamsun. 

– Ei bok der ho meir eller mindre tilstår alt, seier Aarø, men plasserer også tanken om at Hamsun sjølv skal ha fabrikkert breva. «kan etter mitt bedste skjøn kun føre til den slutning, at de er skrevet av Hamsun selv», skriv ein grafolog som er sett på saka. Seinare får Hamsun ein annan grafolog; ein fransk skriftekspert, til å sjå på saka. Den nye konklusjonen er då at Anna Munch er forfattaren av breva. 

DnF og den store verda

Thorvald Steen fortel om DnFs internasjonale engasjement – om ytringsfridomskamp, og om solidariteten med utfordra, utanlandske kollegaer. Forskar Dag Solhjell ser på ein heilt konkret sak av internasjonal storleik: Andre verdskrigen, og særleg oppgjeret etterpå. Etter krigen blei tre juristar oppnemnt til å behandle spørsmål om æresretten til norske forfattarar, fortel Solhjell. I tillegg var det eit råd på seks, som var kalla Forfatternes Æresrett. Tre av FÆ var frå DnFs styre, mens tre var utanfrå, som redaktøren i Dagbladet. Mandatet var å finne fram til kven av medlemmene som hadde «svikta den nasjonale sak» og innstille til sanksjonsformar.. Medlemmar som hadde vore i NS kunne bli ekskluderte frå DnF. Men kva skulle straffen vere? Å «for ein viss tid» halde seg vekke frå publisitet, å ikkje kunne inneha tillitsverv. Æresretten rapporterte til styret. Styret rapporterte til Årsmøtet. DnFs æresrettsaker blei handsama under årsmøtet. Rundt 20 DnF-medlemmar var medlemmar av NS, og blei dømt for dette. I tillegg blei 17 DnF-medlemmar utan NS-tilknytning dømde, fortel Solhjell. Han trur at andre kunstnarorganisasjonar, som Tono, har fjerna spor etter æresrettssaker. 

– Det kan vere klausulert, eller det kan vere fjerna for å vere diskre i høve dei det gjeld. Men DnFs arkiv har eit fyldig arkiv om slike spørsmål.  Landssvikarane fekk fengselsstraff. Men forfattarar dømde i æresretten hadde også mykje uformell straff: Juridisk dømde eller æresdømde forfattarar blei boikotta av forlaga sine, fekk ikkje gitt ut bøker, blei ikkje lest, og så vidare. 

Mellom fag – og informasjonstunge framlegg las Ruth Lillegraven og Tone Hødnebø dikt. Leiar i DnF i dag, Sigmund Løvåsen, avslutta seminaret. Han appellerte om å ta vare på solidariteten som dette arkivet – og historiebøkene om foreininga elles vitnar om – i år med kulturkamp, opprop og engasjement for litteraturpolitikk og ytringsfridom.