Historisk natt for litteraturen

Mange bjelkar har lenge vore på plass: på 60-talet fekk vi både innkjøpsordninga til biblioteka og momsfritak for bøker. Frå 70-talet og fram til i…

sigmund_lovasen_offisielt_2_fotograf_svein_erik_dahl

Mange bjelkar har lenge vore på plass: på 60-talet fekk vi både innkjøpsordninga til biblioteka og momsfritak for bøker. Frå 70-talet og fram til i dag har gode stipendordningar for forfattarar vorte oppretta. I går feira vi nok ein siger for litteraturen.

Boklova er saman med dei andre store litteraturpolitiske verkemidla med på å sikre at ein mangfaldig litteratur blir skrive, gitt ut og gjort tilgjengeleg for lesarane.

Gjennomsnittsprisane på bøker kan godt kome til å bli lægre, men ein får ikkje høve til å dumpe prisane på eit lite utval godtselgjande titlar og med det usynleggjere andre delar av litteraturen. Litteraturen i Noreg skal vere ein langt meir mangfaldig litteratur enn den vil bli om det berre er marknadskreftene som skal styre kva lesarane skal få.

Lova stadfestar også forfattarane sin rett til framleis å kunne ha eit kollektivt avtaleverk, kvalitetssikra og framforhandla av forfattarorganisasjonane. Ein slik rett, som forfattarar i våre naboland manglar, er heilt grunnleggande for oss det gjeld.

Frå stortingets talarstol siterte i går leiar av kulturkomiteen, Gunn Karin Gjul, frå Forfatterforeiningas førre pressemelding om boklova: «Ei boklov tar ikkje føre seg alle sider ved det norske samfunnet som ein grunnlov gjer, den tar likevel for seg ein av dei viktigaste føresetnadene for demokratiet vårt, nemleg språket. Den legg rammene for korleis vi skal utvikle språket og skape litteraturen i framtida.»

Vi vil nok ein gong få lov til å gi honnør til nokre enkeltpolitikarar for det arbeidet dei har gjort for å sikre forfattarane og litteraturen også i framtida, framfor alt Gunn Karin Gjul, Anniken Huitfeldt og Hadia Tajik.