Inkludert i dei 1,7 millionane som vart utbetalt i mai, er honorar for avlyste oppdrag i Den Kulturelle Skolesekken (DKS). Etter forbodet mot fysiske kulturarrangement på grunn av smittefare, bestemte DKS-administrasjonane i fylka seg for å betale for avlyste oppdrag i vår. Hadde dei ikkje gjort det, ville krisa for enkelte forfattarar vore endå større.
Dette gjer Forfattersentrum uroleg for framtida: – Vi har ingen garanti for at oppdragsgivarane vil vere like generøse dersom det skulle komme nye avlysingar til hausten, og vi ser allereie at mange oppdragsgivarar naturleg nok er usikre på korona-situasjonen resten av året.
Mange forfattarar har hatt lite nytte av kompensasjonsordninga for tapt næringsinntekt. Dette gjeld spesielt dei som har tapt på avlyste oppdrag våren 2020, men som har hatt lite inntekt i 2019 (som er grunnlaget for utrekninga av kompensasjonen).
Kor vanskeleg mange har hatt det dei siste månadene, fekk Forfattersentrum dokumentert då vi i førre veke lyste ut mindre trekkfrie bidrag som utelukkande skal gå til å betale uteståande rekningar. Langt fleire forfattarar enn vi har moglegheit til å hjelpe har søkt, og alle er i ein svært pressa økonomisk situasjon.
Styreleiar i Forfattersentrum, Alfred Fidjestøl, og dagleg leiar, Ingvild Christine Herzog, var torsdag i møte med Kulturdepartementet mellom anna for å oppdatere dei på situasjonen og foreslå tiltak.
Forfattersentrum og dei andre kunstnarorganisasjonane var svært glade då Kulturdepartemententet like før pinsehelga lova 100 millionar kroner til ekstraordinære «koronastipend». Ei hake ved tiltaket, er at stipenda av administrative årsaker ikkje vil vere klare til utbetaling før tidlegast i september, medan mange forfattarar allereie er i ei økonomisk krise no. Pengane vil heller ikkje nødvendigvis gå til dei som treng dei mest, men skal delast ut utelukkande basert på kvalitetsvurderingar.
Talet på registrerte oppdrag til hausten viser at også det neste halvåret blir vanskeleg for mange forfattarar. Eit anna uromoment for forfattarane, er at royalty alltid blir utbetalt i mai året etter salet fann stad. Det synkande boksalet våren 2020, blir med andre ord ikkje merkbart før våren 2021.
Forfattersentrum ønsker derfor å halde fram med å hjelpe dei av forfattarane som har det aller vanskelegast med mindre summar til straum, husleie og andre elementære utgifter. Saman med Litteraturhuset i Oslo, oppretta dei i mars solidaritetsfondet «Redd ordene!» som skal gå til dette.