– Det aller viktigaste for meg i arbeidet med boklova er å leggje til rette for at lesarane skal oppleve at dei har eit breitt tilfang på bøker over heile landet. I tillegg vil eg at det skal vere sunne konkurransevilkår i bransjen. Det vil ikkje minst forfattarane vere tente med. Vi legg opp til ei grundig behandling som vil gi gode vilkår for bokfeltet i åra framover, seier kulturminister Hadia Tajik.
Høyringsnotatet presenterer alternative utformingar av ei boklov som skal gjelde både for skjønlitteratur, sakprosa og fagbøker. Det er ønskjeleg at høyringsinstansane gir synspunkt på fleire spørsmål, mellom anna:
– Bør boklova gi høve til å inngå avtaler om fastprisordningar (som dagens bokavtale), eller bør det vere reglar om obligatorisk fastpris på nye bøker for alle forlag?
– Bør fastpris gjelde alle nye utgivingar uansett publiseringsformat, eller bør e-bøker haldast utanfor?
– Bør boklova ha reglar om rabatt-/avanseregulering – altså fordelinga av bokprisen mellom forlag og bokhandel? I så fall: Bør det setjast eit tak på rabatten, eller bør det vere kulturpolitiske kriterium for kva som skal gje grunnlag for høg rabatt?
– Ei boklov skal forhindre misbruk av marknadsmakt, men ikkje vere til hinder for nyskaping og sunn konkurranse. Difor har vi lagt opp til ei open og brei høyring for å vere sikre på at alternativa vert drøfta grundig, seier Tajik.