Aktuelt

Invitasjon til prisutdeling

– Drammen kommune sitt aller største ynskje, er at prisutdelinga i Drammens Teater på Verdas Poesidag 21. mars skal bli Den store møtestaden for alle poetar, forfattarar,…

© Aschehoug

– Drammen kommune sitt aller største ynskje, er at prisutdelinga i Drammens Teater på Verdas Poesidag 21. mars skal bli Den store møtestaden for alle poetar, forfattarar, kulturmennesker og alle andre meneske i Noreg med hjarta for poesien, seier Bård Kråkevik frå Drammen Kommune. Han har vore ein av eldsjelane i arbeidet med Vindtornprisen: 

Triztán Vindtorn var ein norsk poet og tekstilkunstnar som gjekk bort i 2009. Han var frå Drammen, og skreiv for Aschehoug Forlag. Dei to instansane har gått i lag med Den norske Forfatterforening om å opprette ein pris til minne om han. Prisen blir gitt ut for første gong torsdag 21/3, altså førstkommande. Frå 19.00 i Drammen Teater, vil det vere festforestilling, med musikk av mellom andre Kari Bremnes og Jonas Fjeld, kåseri ved Herbjørg Kråkevik, og sjølvsagt poetar på scena. Geir Gulliksen, Edvard Hoem og Kristin Berget er blant dei som les høgt. Og prisvinnaren sjølv kjem for å ta i mot prisen. Alle som vil kan komme – og får framsyninga for 150 kroner; ein pris som leiar for Kulturetaten i Drammen Kommune, Tone Ulltveit Moe, kallar billettprisen om lag som ein kinobillett:

– Det bidrar til å gjere framsyninga demokratisk på alle måtar, seier Ulltveit Moe.