Aktuelt

Islandsk vinnar av Nordisk råds litteraturpris

Ein islandsk mann tar med seg drill og reiser til eit krigsområde. Drillen er alt han har i bagasjen. På spørsmål svarar han at han…

screen_shot_2018-10-31_at_16

Ein islandsk mann tar med seg drill og reiser til eit krigsområde. Drillen er alt han har i bagasjen. På spørsmål svarar han at han er turist. Eigentleg reiser han med intensjon om å ta sitt eige liv. Der han kjem frå vil eit dødsfall nemleg få så mykje merksemd. I krigssona vil det knapt merkast, trur han. Slik går visst handlinga i Audur Ava Olafsdottirs roman Ör. Denne vart vurdert som den beste skjønnlitterære boka gitt ut i Norden i 2017. Frå dei små språkområda kunne ein nominere bøker frå 2016 også, så det var i ganske god konkurranse at Audur vann prisen. Frå Noreg var Roskva Koritzinsky og Carl Frode Tiller nominert. Audurs bøker blir i Noreg gitt ut på Pax forlag.