Israelsk-palestinsk samarbeid til scenen

Dareen Tatour er ein palestinsk poet som blei arrestert, og dømt av den israelske retten for diktet Resist My People, Resist Them. Basert på dette…

Skjermdump frå Vegascene.no
Dareen Tatour er ein palestinsk poet som blei arrestert, og dømt av den israelske retten for diktet Resist My People, Resist Them. Basert på dette diktet, får ein no oppleve eit dokumentarisk teaterverk. Den israelske venstreorienterte og jødiske regissøren, skodespelaren og aktivisten Einat Weizman har laga framsyninga – I, Dareen T i samarbeid med Tatour.  
 
Dei kjem til Oslo 2. mars for å vise framstyninga, og har ein prat på scenen etter framsyninga. Det vil òg vere muleg å møte kunstnarane saman på søndag 3. mars. Arrangementa er ein del av dokumentarfestivalen HUMAN, og er gjort i samarbeid med Forfatterforeningen, Norske PEN, Dramatikerforbundet, Palestinakomiteen, og Dramatikkens hus. 
 
Framsyninga er 2. mars klokka 20.00 på Vega scene.