Jubileumsturneen avslutta på Ordkalotten

Åttende november drog Forfatterforeningens jubileumsgjeng, Frode Grytten, Heidi Marie Kriznik og Pedro Carmona-Alvarez til Tromsø. Som dei gjorde i Lillehammer, Molde, Grimstad og Stavanger, framførde…

Laila Stien (t.v) og Heidi Marie Kriznik på Ordkalotten (foto: Mats Gangvik)

Åttende november drog Forfatterforeningens jubileumsgjeng, Frode Grytten, Heidi Marie Kriznik og Pedro Carmona-Alvarez til Tromsø. Som dei gjorde i Lillehammer, Molde, Grimstad og Stavanger, framførde Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez eit musikalsk og lyrisk bestillingsverk. Den lokale novelleforfattaren Laila Stien las eit spesialskrive essay. Stien vart også intervjua av Heidi Marie Kriznik om essayet og forfattarskapet sitt. Stien fekk då sagt noko om lesaren sin plass i teksten. Ordkalotten – Tromsø internasjonale litteraturfestival, skjer frå og med åttande til tiande november, og får besøk av Ragnar Hovland, Mikkel Bugge, Runa Kvalsund og fleire. Sidan avspark på Undset-dagene i Lillehammer i vår, har jubileumsturneen også presentert forfattarane Cecilie Løveid, Erlend Loe, Herbjørg Wassmo, Mette Karlsvik, Miriam Kristensen, Øyvind Rimbereid og Victoria Kielland.