Kanskje er skrivinga ei tidleg førtiårskrise

– Da håpar eg i så fall den varer lenge, for det å skrive er noko eg blir meir og meir glad i, seier ny medlem i DnF, Elin Eika Bringa (37).

Kvifor vilja du bli forfattar?

Eg var ikkje den som voks opp med tanken på å bli forfattar. Kanskje er det ei tidleg førtiårskrise. Da håpar eg i så fall den varer lenge, for det å skrive er noko eg blir meir og meir glad i ettersom tida går. Også er det kanskje passande for ein med store kjensler og eit ok pluss ordforråd.

Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?

Eg byrja å skrive dikt da eg gjekk på ungdomsskulen. Så fasa det seg gradvis ut da eg studerte. Da eg fekk barn kom det tilbake med full styrke. Da var det brått mange kjensler, opp- og nedturar, som måtte skrivast i form av lyrikk. Så har tronga for å skrive lengre historier kome meir fram, og nå skriv eg skjønnlitteratur for vaksne og barn.

Eg skriv av same grunn som eg byrja studere pedagogikk og psykologi: for å skjøne kvifor vi menneske er som vi er, og gjer det vi gjer. I tillegg til at eg elskar fine setningar.

Kva forfattarar har hatt mest å seia for din eigen forfattarskap?

Per Petterson, Jon Kalmann Stefansson og Vigdis Hjorth er vel dei forfattarane eg har lest mest av i nyare tid, som eg har nytta som inspirasjon i skriveprosessen. Om eg går lengre tilbake i tid, er det nok André Bjerke og Edgar Allan Poe.

Noko som ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?

Bare. Og det er ikkje bare, bare.

Kva forhold har du til å stryka tekst?

Å stryke tekst blir lettare etter kvart som eg får meir erfaring med å skrive. Som regel er det gode grunnar til å stryke. Men eg lagrar det eg kuttar ut – kanskje får det nytt liv i eit anna dokument. Noko er jau heilt håplaust, da er det bare å trykke på delete såpass fort at eg ikkje rekk å synes eg er heilt håplaus. Det lykkast eg med bare halvvegs. Og der skreiv eg «bare» igjen.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?

Eg startar ikkje nødvendigvis kronologisk, for eg plottar ikkje, og veit ikkje kor eg skal. Det kjem som regel eit menneske til meg som tenker, seier eller gjer noko. Så ser eg kor det fører hen. Eg likar best å skrive utan å tenke så mykje. Det kan gå begge vegar. Eg er heller ikkje den som skriv kvar dag. Det kan være fordi eg fort kjem inn i ei boble, og er vanskeleg å snakke til når eg skriv, også fordi hjernen jobbar vidare med stoffet sjølv om eg ikkje sit framom pc’n. Best skriv eg nok heime, helst utan støy. Men eg har tre barn, så det kan fort bli litt utfordrande.

Les du andre forfattarar når du skriv?

Ja. Gode setningar, avsnitt eller bøker er som mat for skrivehjernen, men eg les ofte halve bøker. Det er kanskje ein uvane. Så blir det ein del barnelitteratur ved å lese for ungane, det er også fint.

Kva liker du å lesa?

Bøker med godt språk og driv – da er det ikkje så nøye kva sjanger det er.

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeningen?

Eg ser fram til å knytte kontakt med andre skrivande, samt være del av ein organisasjon som jobbar for å fremme forfattarinteresser i politisk samanheng.

Elin Eika Bringa har gitt ut diktsamlinga Mjuk som kordfløyel (Lyrikkforlaget, 2021) og romanen Snart er eg natt (Bonnier, 2024).