Korleis jobbar eit bokband?

– Dei er som oss eller omvendt. Like sure og kritiske i utgangspunktet. Og folk som er som ein sjølv veit ein alltid korleis ein…

– Dei er som oss eller omvendt. Like sure og kritiske i utgangspunktet. Og
folk som er som ein sjølv veit ein alltid korleis ein skal mjuke opp.
Gje dei det dei ikkje trudde dei ville ha på ein ny måte, og snakk til
dei på ein måte som gjer at dei skyller alle fordommane sine ned med øl
og knusktørr kvitvin." Slik skildrar frontfigur i Bergen Mandolinband, Gaute Sortland, det å spele på litterære arrangement. Les ein mindre sur, og ukritisk sommarprat med Sortland:

(Foto: Bergen Mandolinband/ Olav Christer Rossebø, Gaute M. Sortland, Ingemund Askeland, Kjetil Olai Lundø og Ståle Holgersen.)

Det var ein gong at ein sykkel (ja, min) blei stjelt frå inngongspartiet til Det Norske Samlaget (ja, Grønland), og at den ulykksalege sykkeleigaren sprang inn att til resepsjonen i forlagshuset som ho kom frå.

Såg du at nokon stjal ein sykkel? sa eg.

Nei, sa resepsjonisten. Eg kan ikkje hugse at han sa meir. Men det eg hugsar var roa hans. Resepsjonistvikar for Det Norske Samlaget, sommaren 2010 var Gaute Sortland og han var ei støtte der han satt. Kva betyr vel ein sykkel i det store bildet, viss ein har tilgjenge på bøker, plater, annan kunst? Gaute Sortland er produsent av både det eine og det andre. Han er frontfiguren i Bergen Mandolinband, eit haugesundsband som har spelt på Norsk Litteraturfestival, på Samlagets haustlanseringar, vårfestar, og mykje meir, og særleg mykje på Vestlandet. Gaute Sortland (f. 1980) er frå Haugesund, har budd i Oslo, og har gitt ut to bøker på Det Norske Samlaget. Den første; Johan, den andre Eg går no og kjem tilbake. Nyleg fekk han stipend frå Rogaland Fylkeskommune, 100000 kroner, og er redaksjonssekretær for tidsskriftet Syn og Segn. Sortland er i tillegg til alt anna frontfigur i Bergen Mandolinband. Han speler både banjo, gitar og andre strengeinstrument av diverse form og størrelse. På heimesida si, skildrar bandmedlemma bandet slik: Frå bakgrunnen sin som gate – og festmusikkantar har dei lært seg kunsten å kommunisera med publikum. På konsertar med Bergen Mandolinband blir det sprek musikk, vitsar frå scena og spørsmål frå salen i perfekt harmoni. Alt endar i ei syntese av salig stemning frå scena og frå salen. Bergen Mandolinband syng om ærlege arbeidsfolk og mislykka kjærleik. 

-Er dette oppskrifta også når de opptrer på litterære arrangement?

– Det er litt delt, men eg tenkar ofte at skrivande menneske jammen ikkje er bortskjemde med musikk, så det gjeld berre å skape litt liv. Andre gonger passar det betre å ta det ned og gi folk ein låt som svir. Eg brukar å ha nokre låtar på lur og bestemmer meg vanlegvis ikkje før eg står der. I tillegg brukar eg meg sjølv som stemningstermometer fordi eg reknar meg sjølv som verdas verste publikummar. Stappfull av fordommar. Eg likar ingenting til det motsette er bevist. Dei gongene eg har med meg Bergen Mandolinband funkar det alltid. Då har me ein nydelig konfransier i vår førstemandolinist. Han har revyblod i årene og har eit fantastisk godt presisjonsnivå på å skreddarsy underhaldninga for kva publikum som helst.

– Tenker du annleis då enn i andre samanhengar?

– Eigentleg ikkje. Folk som er ute for å svinge seg sjølv og begeret sitt er mykje ute etter det same. Nei, det var litt for tøft sagt.

– Hehe, er det slik du ser på forfattarar som publikum?

– Eg har inntrykk av at forfattarar og skrivande folk ofte er rause og oppriktig interreserte i musikk. På desse jobbane slepp ein som oftast at nokon står framfor scena og gaular etter "Hotel California" eller tema frå "Picnik med døden" eller den der… den der med han som spelar banjo, og så er det ein så spelar gitar og så går det så jævli fort veit du, kan du den??? Frå den filmen… kva var det han heitte nå igjen??? du kan han sikkert?"

– Hehe, vi får sjå filmen som det tema kjem frå, ei slik tilråing får ein ikkje la passere forbi i stilla. Og, som du hintar om her: forfattarar er eit kresent publikum. Eg ser helst ting etter tilråing. Kvifor trur du at forfattarar likar Bergen Mandolinband? 

– Eg trur at me må vende tilbake til dette med at dei er som oss eller omvendt. Like sure og kritiske i utgangspunktet. Og folk som er som ein sjølv veit ein alltid korleis ein skal mjuke opp. Gje dei det dei ikkje trudde dei ville ha på ein ny måte, og snakk til dei på ein måte som gjer at dei skyller alle fordommane sine ned med øl og knusktørr kvitvin.