Aktuelt

Krisepakka: Inntektssikring, og sjuke-, omsorgs-, og dagpengar

Partia på Stortinget har blitt samde om ei krisepakke for å dempe verknadane frå koronaepedemien på økonomien. For sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar betyr krisepakka først…

stt_riks_navn_a4_rgb_sort

Partia på Stortinget har blitt samde om ei krisepakke for å dempe verknadane frå koronaepedemien på økonomien. For sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar betyr krisepakka først og framst at alle kan få dekt 80% av inntekta (opp til 6G) som dei har hatt det siste året frå 17. dag med tapt inntekt.

Dei får også utbetalt sjukepengar frå tredje dag, etter dagens reglar om dekningsgrunnlag.

Det blir også enklare å få utløyst dagpengar. Før var grensa for å få utløyst dagpengar at ein må ha hatt ei inntekt på 150 000 NOK det siste året. Grensa er senka til 75 000 NOK. 

Her er krava som NAV lister for å ha rett på dagpengar: 

  • har fått redusert arbeidstiden din med minst halvparten (50 prosent)
  • har redusert arbeidsinntekt
  • er registrert som arbeidssøker og sender meldekort hver 14. dag
  • er reell arbeidssøker
  • er medlem i folketrygden og oppholder deg lovlig i Norge
  • har hatt en minsteinntekt fra lønnet arbeid på minst 149 787 (red. anm: no er altså denne grensa senka til 75000) kroner i de siste 12 avsluttede kalendermånedene (1,5 ganger folketrygdens grunnbeløp (G)), eller minst 299 574 kroner (3 G) i løpet av de 36 siste avsluttede kalendermånedene. (frå NAV.no)

Det er no også slik at også frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande får omsorgspengar frå og med fjerde. dag. 

NAV skriv i dag, tysdag 17/3 om desse regelendringane: Informasjonen på nav.no blir oppdatert så snart regelendringene er nærmere avklart. Her finner du som er arbeidstaker, arbeidsgiver eller selvstendig næringsdrivende spørsmål og svar om koronaviruset og hva som gjelder i din situasjon.

Fleire detaljar er her.