Kulturbudsjett på 19,9 milliardar kroner

Det inneber ein auke på om lag 4,9 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett 2019. Justert for at NRK frå 2020 skal finansierast over statsbudsjettet…

trine_skei_grande_og_erna_solberg

Det inneber ein auke på om lag 4,9 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett 2019. Justert for at NRK frå 2020 skal finansierast over statsbudsjettet og for endringar i departementsstrukturen, er auken på 850 millionar kroner eller 6,7 prosent.

– Med dette budsjettet vidareutviklar vi ambisjonen om eit levande kulturliv i heile landet. For å bygge gode samfunn og eit sterkt demokrati som inkluderer alle, treng vi ei brei kultursatsing som legg til rette for utvikling og mangfald. I dette kulturbudsjettet har vi derfor ei sterk satsing på fellesskapsarenaer som kan gi publikum unike opplevingar og kulturlivet moglegheit til å blomstre, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Språk og litteratur er ein viktig del av norsk kulturarv, og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa foreslår 9,3 millionar kroner meir til språk i budsjettet for 2020. Samtidig arbeider regjeringa både med forslag til ei ny heilskapleg språklov og ei ny stortingsmelding om språk. Målet er å sikre norsk og å verne og fremje minoritetsspråka som Noreg har eit ansvar for å ta vare på.

Ved å ta i bruk digital teknologi kan ein gjere felles kulturarv og kunnskap om feltet tilgjengeleg for fleire. For å legge til rette og sikre betre tilgang til kulturarven, er det foreslått ein auke i løyvingane til Arkivverket og Nasjonalbiblioteket på til saman 127 millionar kroner.