Kunsten er å leve med begge delar

Kristina Leganger er fødd i Bergen i 1989, og veks opp i Åsane. Ho trur at ho har skrive så lenge ho kan hugse.  –…

Kristina Leganger Iversen (Foto: Tale Hendnes)

Kristina Leganger er fødd i Bergen i 1989, og veks opp i Åsane. Ho trur at ho har skrive så lenge ho kan hugse. 

– Ein av mine første erfaringar av kjensla av SVIK var iallfall på ein speidartur då eg gjekk i fjerde eller så, og nokon hadde lese dagboka mi. Og eg fekk kjeft, fordi eg hadde tatt den med, og latt slik fristande stoff ligge synleg og framme! Eg starta å arbeide med tekst då eg byrja å keystyle (skrive skriftlige rap-vers på nettet), noko eg berre prøvde på eit par gangar, før eg blei for frista av fridomen i frie vers, som ein kallar det.

Seksten år gamal melder Leganger seg inn i kunstfellesskapet og -skulen Trafo.no. Under kallenamnet Blueprinted gjer ho arbeid offentlege; legg dei ut for andre Trafo-medlemmar eller -vegleiarar å sjå, lytte til, lese, og gi tilbakemelding på. Frå dei aktive åra hennar på Trafo.no, kjem eit heilt manus av dikt til. Det blir etterkvart til manuset Hjartemekanikk som kjem ut som bok på Samlaget i 2011.

– Boka blei sette i gong av ting og sette ting i gang. Å skrive bøker er først og fremst, for meg iallfall, erfaring og arbeid, det er å inngå i utforskingar av forholdet mellom språk, kropp, kjensler og tankar, og måten dei kan krystalisere seg på, på sidene. Når eg ser tilbake på den boka, så tenkjer eg på henne som starten på eit prosjekt som eg halt fram med I ringane, som eg framleis arbeider med trur eg, og det er å utforske forholdet mellom kropp, kjensler, språk og dette vi kallar «subjektivitet», altså, kjensla av å vere eit individ slik denne er tilgjengeleg på spesifikke steder og tider i historia. Kva vil det seie å vere menneske no, kjønna, rasialisert og som ein del av eit klassedelt samfunn? 

– Du var knapt 22 då boka kom ut, og hadde allereie brukt lang tid på manus. Hjartemekanikk handlar om hjarte som går og ikkje. Bilar som rasar, hjarte og bilar som møtest. Første gongen eg las manus tenkte eg at det var ein litterær genistrek å binde hjarte og motor, og lurer på kva som var førelegga dine eller inspirasjonane dine i arbeidet med Hjartemekanikk?

– Det er lenge sidan eg skreiv boka no, men eg veit at alt frå Gottfried Benn, Wergeland, Sylvia Plath og Siri Hustvedt var viktige – den boka, eg veit ikkje, eg trur ho freistar å både skildre språket ein møter den skadde kroppen og livskrisa med og den meir fenomenologiske, kroppslege erfaringa. Om det går an å seie? 

Samtidig studerer Leganger litteratur ved UiO. Ho blir redaktør for magasinet Lasso, skriv fast for Magasinett, og gjer seg gjeldande som ein klårt formulert og modig debattant og uttalar. Ein engasjert forfattar. Når eg skriv desse spørsmåla til Leganger, er det tilfeldigvis kvinnedagen. Eg spør henne då om dette engasjementet, som ofte har dreidd seg om folk sine rettar, også det at kvinners rettar framleis må bli kjempa for. Veit ho kor engasjementet sitt kjem frå? Hugsar ho første gongen ho vart skikkeleg sint fordi noko skjedde nokon andre, noko du erfarte som urettvist?

 – Eg var eit ganske vart barn, som lett blei trist for urettferdigheit, og slutta kanskje aldri å vere slik –sensitiv, medav, og tenkjer at den sårbarheita eller varheita kjem som ein del av det å vere nær og knytte til andre. Eg er interessert i eksistensialistisk filosofi, som seier at subjektet sjølv har ansvar for å leve eit autentisk liv, samstundes kjenner eg meg veldig igjen i ei form for samanveving som den amerikanske poeten Juliana Spahr formulerer så fint, i tittelen «this connection of everything with lungs». Kunsten er å leve med begge deler: Eksistensialismen som gir individet ansvar for eigen eksistens, og dermed fridom, samstundes som ein faktisk tar inn over seg det at ein lever som ein del av ein større heilskap, samanvevd med andre menneske, artar og naturfenomen.  

I 2015 kom Legangers andrebok, no ein roman. I samband med lanseringa av I ringane sett ho fokus på eit tema som ho synest det blir snakka lite om: Abort. Ho blir óg beden av NRK til å skrive og framføre eit manifest. Orda er det hylsteret som omsluttar kroppen (referanse til Bjørn Rasmussen). Om ikkje å få puste. Kor er vi no, i klimaspørsmål, i relasjonane? 

– Eg er oppteken av korleis vi forstår kva det vil seie å vere menneske – også opp mot andre storleikar i verda. Menneske som kategori veks fram og får sin sentralitet som garantist for rettsleg vern i og med framveksten av humanismen og renessansen. Det er klart, det er ikkje alle som vert rekna som «fullt ut menneskeleg» på denne tida, for humanismen veks fram i tandem med eit kolonialistisk system legitimert dels av ein vitskap som definerer menneske i ulike grader av menneskelegdom. Jordas tilstand i dag, med klimakrisa og miljøøydelegginga, er eit resultat av denne forståinga av kva det vil seie å vere menneske, og den relasjonen menneske står i til alt levande (men definert som umenneskeleg).

Dette har ikkje minst med litteratur å gjere, ettersom skrifta historia gjennom har vore rekna som ein privilegert arena for definisjonen av det menneskelege. Under dei koloniale prosjekta såg Europearane fråvera av skrift som eit teikn på fråvera av ein likestilt rasjonalitet, og under det amerikanske slaveriet var det lenge forbode for dei afrikanske slavane å lære seg å lese og skrive ­ – eller for kvite å lære dei det. Kvifor det? Ikkje berre fordi det finst makt i å kunne tileigne seg informasjon og skrive for seg, men også fordi det var sterkt knytte til samtidas definisjon av det menneskelege. Når dei første afrikanske slavane starta å utgi bøker, som Phillis Wheatley som skreiv dikt eller Frederic Douglas som skreiv memoar, så måtte deira tekster godkjennast som autentiske av ei rekke kvite. Skrifta har vore ekstremt sentral for ei rekke frigjeringsprosjekt, anten det er borgarrettrørsla, antikoloniale prosjekt eller kvinnefrigjeringa som heng teitt, teitt saman med framveksta av romanensjangaren. Kvifor er dette så viktig? Fordi litteraturen har vore sentral i vår forståing av kva eit menneske er, kven som vert rekna inn i denne kategorien, og fordi det, i sin tur, har vore sentral for korleis dei som vert rekna som menneske på ulike politiske, kulturelle og historiske tidspunkt kan fordele sin sympati og engasjement – men andre dei kan kjempe på vegne til.

– Kva driv du med no?

– Nett no held eg å freiste å skrive ferdig doktorgradsavhandlinga i, der eg skriv om rase og kvitheit i skandinavisk samtidspoesi.

– Skriv du skjønnlitteratur? 

– Eg skriv på masse ulikt, heile tida. Har ein stor liten virtuell haug med ulike manus eg byt på å arbeide med, skrive på, redigere, vere i. Så får vi sjå om, når og eventuelt kva som blir bok. Det er ikkje så viktig, eller, det er først når det er verkeleg viktig det er verd å gi noko ut.

– Kva type samtalar har du med redaktøren din om vegen vidare for forfattarskapen din?

– Redaktøren får manus heile tida! Vi har ein veldig god, sakte, vaksande samtale. Eg stoler heilt på han, som menneske og lesar, og føler meg veldig heldig som har han som redaktør, og Samlaget i ryggen.

 – Eg er i Bergen når eg skriv dette, på vitjing. Sit og ser ut over havet, vika, mot øyene utanfor. Men deg ser eg ikkje, du er i Oslo. Saknar du Bergen? Kunne du budd her igjen? Ville det vore noko her for deg – som forfattar? Menneske? Akademikar?

Verda er så stor! Og framtida er så opa. No skal eg gjere ferdig avhandlinga, klarar eg det på tida får eg forske og undervise eit år i Oslo. Og kva skjer så? Det aner eg ikkje. Det har jo også med arbeid, pengar og moglegheiter å gjere. Eg håper eg får halde fram å lese og skrive, og tene greit nok med pengar så eg kan leve okei og kanskje få eit par barn, på sikt. Eller iallfall: Vere i verda på nye måtar.