Aktuelt

Kva er NORLA

Reisestipend for omsetjarar, produksjonsstønad, stønad til prøveomsetjingar, er noko av det som NORLA gjer, og som har vore blant organisasjens mandat gjennom åra. Det var…

nordiska_husid

Reisestipend for omsetjarar, produksjonsstønad, stønad til prøveomsetjingar, er noko av det som NORLA gjer, og som har vore blant organisasjens mandat gjennom åra. Det var slik då Gina Winje var direktør for Norla, og er slik no, når Margit Walsø har tatt over som sjef for sjappa. Tilfelles har dei også at jobben er meir enn berre ni til fire. NORLA-arbeid innebær mange reisedøgn, og er meir som ein livsstil enn ein jobb. Symptomatisk nok, er Margit Walsø i skrivande stund på veg til India og litteraturfestivalen i Jaipur. Mens ho er på tur, tar eg ein prat med Gina Winje, om kva det er med omsetjing og utalandsformidling, som motiverer dei nok – til å gjere den viktige jobben?

– Magien i omsetjing er fleire, byrjar Gina Winje.

– Det er så fantastisk fint å få lese ein tekst ein veit at ein kanskje elles aldri hadde fått tilgjenge til, i eit språk ein ikkje kan forstå, om ingen omsett han, seier Winje, som er dotter av omsetjaren Trond Winje (f. 1928), som fekk mellom anna Bastianprisen for arbeidet sitt. Ikkje berre difor har omsetjarar og omsetjing ein særleg plass i hjartet hennar:

– Omsetjarar er ofte svært kompetente lesarar. Nesten alltid er dei med på å berike tekstane dei jobbar med. Særleger det tankevekkande når omsetjarar jobbar med samme tekst til samme språk.

– Og du, kva plass har du helst i prosessen?

– Det fine med å jobbe med omsetjingar er å få vere med på å tilrettelegge for dialog: Tekstane møter lesarar i andre land, forfattarar, omsetjarar, vanlege lesarar i ulike litterære krinslaup. 

– Kva håpar du for norsk litteratur, i utlandet, for tida framover?

– Mitt håp for norsk litteratur framover er at han finner ein naturleg og god plass i lag med litteratur i andre land og språk. Eit anna håp, er at det norske språket fortsett å vere ein naturleg  del av og i den store globale lesningen og litteraturen.

– Var du meir oppteken av nokre ting enn andre, då du jobba i NORLA?

– Eg vart særleg oppteken av den nordiske litteraturen då eg jobba i NORLA, det nordiske representerar ei fin utviding, som å få bli med i ein storfamilie, tenkjer eg. Det er bra at nordiske miljø les kvarandre!

– Til slutt, har du nokre lesetips til oss?

– Då må jeg anbefale nordiske forfattere kanskje då?

– Gjerne! Og gjerne frå det som du les no, når du ikkje les som ein del av jobben, men på fritida!

– Eg les mykje, er for tida fordjupa i essaysjangaren, og sett pris på mange fine essayutgivingar frå i fjor, som frå Melberg til Hjorth, Knausgård, Hustvedt og Gulliksen. Eg er imponert over danske Josefine Klougart og les ho med glede. Ho tilrår eg!