Kven avgjer kva bøker som sel?

Kor stor makt har dei innkjøpsansvarlege og korleis brukar dei denne makta? Kor mange titlar vel bokrådet ut kvart år for sentralt innkjøp? Bøker av…

bokhandel__norli

Kor stor makt har dei innkjøpsansvarlege og korleis brukar dei denne makta? Kor mange titlar vel bokrådet ut kvart år for sentralt innkjøp? Bøker av populære forfattarar er kanskje sikra innkjøp, men korleis er det med dei gode bøkene til "ukjende" forfattarar: Kjenner bokhandlarane eit eige ansvar for å kjøpe inn desse og gjere dei tilgjengelege for lesarane? Vel bokråda først ut titlane, og så startar forhandlingar med forlaga om vilkår, eller skjer det parallelt? Kor stor fridom har kvar enkelt bokhandel i kjeda til sjølv å velje utstillingar og fokustitlar?

Me inviterer til eit kveldsmøte for forfattarar og bokbransje, for å utveksle kunnskap og erfaringar: kva bøker sel, og kvifor gjer dei det? Korleis finne balansen mellom stabelsal og breiddeformidling? Kva er eigentleg ein bestseljar, og kva avgjer at boka blir det?

Møt dei innkjøpsansvarlege i Norli Libris og Ark, Gine Jonassen og Marit Grue, Thomas Mala, marknadssjef i Forlaget Press og forfattar Arne Svingen til ein samtale om bokbransjen sitt ansvar for katedral og litteratur, onsdag 20. mai i NFFs lokaler i Uranienborgveien 2, kl. 19.00. Gratis og ope for alle!

Ordstyrar: Åshild Eidem, forfattar og journalist.

Program:

kl. 18:30: dørene opnar.

kl. 19:00: arrangementet begynner. Alle dei fire paneldeltakarane får 10 minuttar kvar til ei innleiing.

kl. 19:45: pause.

kl. 20:00: samtale paneldeltakarane imellom med hjelp frå ordstyrar. Spørsmål/kommentarar frå salen dei siste 10-15 minuttane.

kl. 20:45/21:00 slutt.