Kven var Tarjei Vesaas?

Tarjei Vesaas var ein odelsgut frå Vinje i Telemark. Han var fødd på garden Vesås den 20. august 1897, og skjønte tidleg i livet at…

© Wikipedia Commons

Tarjei Vesaas var ein odelsgut frå Vinje i Telemark. Han var fødd på garden Vesås den 20. august 1897, og skjønte tidleg i livet at han ikkje ville ta over garden. Det heiter seg at han trakk seg inn i ei krå av stova om kveldane, etter gårdsarbeidet, og skreiv. Den første skrifta hans tematiserte dette å vere bufast; å skulle vere på ein gard i ein mannsalder. Vesaas vart mest kjend for romanane sine, sjølv om han skreiv lyrikk av verdsklasse, og var dramatikar. Eit av dei mange litterære gjennombrota hans var då romanen Isslottet fekk Nordisk Råds Litteraturpris. Med prispengane oppretta Vesaas ein pris til debutantar. Blant dei opphavelege kriteria for prisen, er originalitet og nyskaping. Eit meir originalt kriterium den gongen enn i dag: Den første prisen vart delt ut i 1964. Den andre året, i 65, gjekk han til Jan Erik Vold, som også var ein kjenning av Vesaas. Vold er kjent som ein av sin tids mest betydelege modernistar. Likeins hadde Vesaas liknande posisjon i sin tid. 

Tarjei Vesaas Debutantpris er ein årleg pris som var på 30000 kroner. Prisbeløpet vart dobla i 2010, til 60000 kroner. Det litterære råd innstiller prisvinnaren, som for 2012 var Peter Strassegger, året før Lina Undrum Mariussen, året før Helga Flatland, etter den delte prisen til Eivind Evjemo og Kjersti Annesdatter Skomsvold. Frå tidlegare tider kan ein nemne mottakarar som Trude Marstein, Mirjam Kristensen, Sigmund Løvåsen, Lars Petter Sveen, Lars Saabye Christensen, Gunnar Wærness, Heidi Marie Kriznik, Rolf Sagen, Tor Obrestad og Carl Frode Tiller.