La kunsten leve!

Monica Goksøyr (33) er ny medlem i DnF. Ho meiner vi må verne om den kvalitetsstyrte litteraturvurderinga som sikrar mangfald i skrivekunsten.

Foto: Oda Berby

Kvifor vilja du bli forfattar?

Fordi skriving er noko av det mest frigjerande og mektige eg kan drive med.

Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?

Skrive har eg gjort frå eg var barn. Vegen til publisert bok gjekk gjennom Aschehougs forfattarskule som eg deltok på i 2018. Gjennom kurset skreiv eg tekster som vart lest av forlagets redaktørar og som deretter tok initiativ til eit bokprosjekt. 

Kva forfattar har hatt mest å seia for din eigen forfattarskap?

Må faktisk trekke fram Amalie Skram fordi eg vart fullstendig opphengt i og inspirert av henne då eg las Hellemyrsfolket på ungdomsskulen. Elles, Knut Hamsun, Tarjei Vesaas, Lucia Berlin, Lydia Davis, Raymond Carver, Alice Munro, Haruki Murakami, Kazuo Ishiguro, Miranda July, Mariana Enriquez.

Nemn eit ord du prøver å unngå/bruka litt mindre?

Her er det strafferettsjuristen i meg som svarar: «Barneporno». Sei heller «overgrepsmateriale».

Kva forhold har du til å stryka tekst?

Det er noko av det vanskelegaste og diggaste med å skrive. Når eg kjem dit at eg klarer å peike ut overflødig tekst er det gjerne eit teikn på at eg nærmar meg eit gjennombrot.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?

Det ideelle skriveførebuingsritualet er å stå opp i femtida, strekke og puste på yogamatta, danse vilt til musikken humøret mitt cravar – som kan vere alt frå gangster rap til ein 80-tals powerballade – og deretter sette på litt ambient jazz og lese eit stykke inspirerande skjønn over ein kopp te før eg kastar meg over tastaturet.

Litt for ofte er eg nøydd til å sortere gamle CD-ar i kjellarbua og pusse arvesølvet fyrst også, men det er ein del av prosessen. Kva gjeld sjølve teksten begynner eg som oftast med begynninga, men ei begynning som lett kan hamna ein plass midt imellom eller forsvinne fullstendig, men igjen, slik er prosessen. 

Les du andre forfattarar når du skriv?

Ja! Det hjelper meg til å opne dei kreative kanalane i mitt eige hovud.

Kva liker du å lese?

Eg les nok mest realistisk skjønn, men også den absurde, magiske eller groteske realismen.

Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?

Stort spørsmål! Lite svar: La kunsten leve! Eg meiner vi må verne om den kvalitetsstyrte litteraturvurderinga som sikrar mangfald i skrivekunsten.

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeningen?

Å få feste med eliten, sjølvsagt 🙂

Monica Goksøyr har gitt ut novellesamlinga Slemme jenter (Aschehoug, 2023)