Aktuelt

Lågt og høgt på Literaturhaus Berlin

Litteraturhuset i Berlin ligg i Schöneberg på vestkanten, sør for bulvevarden (frå det tyske Bollwerk/ norske bolverk) Kurfürstenstrasse. Paradegata skulle bli betre og flottare enn…

image(1)

Litteraturhuset i Berlin ligg i Schöneberg på vestkanten, sør for bulvevarden (frå det tyske Bollwerk/ norske bolverk) Kurfürstenstrasse. Paradegata skulle bli betre og flottare enn Champs-Élysées i Paris. Men sidegata kor litteraturhuset ligg er likevel den personlege favoritten min i området. Det er eit rikt område på arkitektur- og kulturhistorie. Her står framleis hus frå før første verdskrigen. Og dei som blei bomba er gjenreist i meir moderne arkitekturdrakt. Minnekyrkja etter keiser Wilhelm I er eit døme. Det nyromanske kyrkjespiret blei delvis øydelagd. I dag er øydelegginga balansert ut av strenge glasbygg på kvar side; eit lågare, eit høgare, men begge to med veggar av blått glas. Frå kyrkja er det bare minutt å gå til Fasanstrasse og Literaturhaus Berlin.Literaturhaus Berlin Foto: Mette Karlsvik Huset blir i Aschehougs gaidbok "Ti på topp Berlin", skildra som verdt å
sjå. Ikkje bare dette huset, men heile Fasanstrasse, med fleire
bokhandlarar. I tillegg står altså bygg som ikkje blei bomba under
krigen: Bygardar nedover gata har baldakinar og stukkatur, og lagar ein
vegg av massiv og ornamentert mur. Han blir ikkje brote opp før
Litteraturhaus. Huset har ein hage framfor seg, eit smijernsgjerde om
hagen. Små montre av glas med bøker stilte ut. Dei blir regna på, glodd
på, men ikkje herja med, ikkje tilsynelatande.
Det er sol i hagen, og
eit par grupper med folk som ruslar rundt. Sol blir til snøvêr. Frå
hagen går ei trapp ned i kjellaren, ei anna trapp opp til kafeen.
Kjellaren har ein bokhandel. Han ser stussleg ut først. Men når ein
først er innanfor, held han fram og fram, i rom etter rom. Det er ikkje
ulikt sjappa i Poesiens Hus i København. Bare større, og med ei
betydeleg mengd nye bøker, pocketbøker, og sjølvsagt bøker av alle
disiplinar og sjangrar: både sak og skjønn, dramatisk og episk tekst.
Det er få kundar her. I kafeen er det meir travelt. Det er kø for å få
bord, og eit tilsynelatande kaos. Eg får bordet i eit karnapp, borte frå
kaoset av folk. Utsikt over hagen, opp mot himmelen over gardane på
andre sida av vegen. Himmelen er Berlin-grå. Bare minutt seinare skin
han av. Ein mann sett seg ved nabobordet og knepper opp kappa si.
Innanfor har han ein liten hund. Ei servitrise kjem med vatn og kjeks
til hunden. Eit par eldre kvinner ser på hunden, forelska. Den eine har
neon-oransje genser, og hår i same farge. Ei mager kvinne med mørkt hår,
olivenandlet med god hud, tunge augelokk, ser ut som om ho keiar seg.
Romanforfattarar av den romantiske tradisjonen kunne ha keia seg her.
Eller kanskje hadde dei rasa mot plassen, tenkt at han bare var for
borgarskapen. Tertene bognar av bær. Glaserte frukter, fin vin, som i
forhold til omliggande stadar kostar litt. Men ikkje meir enn at prisen
er ein ven, ein litt streng ein. Hunden drikk seg utørst på vatnet, og
kjem over. Eg sett meg på huk, nesten på golvet, og blir kjent med
hunden. Vel ligg Literaturhaus Berlin i "et intellektuelt strøk" av
Berlin (ref. Knut Hoems gaid til Berlin frå 2010). Men det er takhøgd
her, og plass til både ungar, hundar, lokalbefolkning og turistar. I
Berlin er dei så glade i takhøgd at nokre riv golv mellom etasjar for å
doble henne.