Kjære forfattarar
Torsdag 5. oktober 2023 vil bli ståande som ein merkedag i norsk litteraturhistorie. Vår kjære kollega og DnF-medlem Jon Fosse blei tildelt sjølvaste nobelprisen i litteratur. Vi er mange som har venta på at dette skulle skje. Og mange har vore sikre på at det ville skje, ein eller annan gong. No skjedde det, og det er svært fortent. Når Fosse blir gratulert og intervjua om prisen, er han rask med å seie at dette er ein pris til nynorsken. Det seier litt om personen Jon Fosse. Den norske Forfatterforening gratulerer Fosse så mykje med den største litteraturprisen ein kan få.
Nobelprisen vil vere med på å løfte norsk litteratur enda meir ute i den internasjonale marknaden. Men norsk litteratur har allereie ein sterk posisjon utanfor landegrensene våre. Det gjer også at verk av norske forfattarar diverre har stått i fare for å ha blitt brukt til å trene generativ kunstig intelligens. I slutten av september fann administrasjonen i Den norske Forfatterforening ut at 32 av våre medlemer er ein del av datasettet Books3. Dette er svært alvorleg, fordi det betyr at store internasjonale teknologiselskap, som Meta og Bloomberg, har nytta verk av norske forfattarar til å trene sine språkmodellar utan å spørje om løyve og utan å betale kompensasjon.
Du kan lese meir om saka på våre nettsider:
Verk av 32 DnF-medlemar nytta til trening av Kunstig intelligens – Den norske Forfatterforening
Boksalet for skjønnlitteratur stuper ikkje …
Morgenbladet hadde 30. september ein artikkel om at det samla sett blei selt åtte millionar færre papirbøker i 2022 enn i 2012. Det er viktig å nyansere biletet når det gjeld salstalet av skjønnlitterære bøker. Tal frå statistikken til Forleggerforeningen viste at det i 2012 blei selt 1 030 972 norske skjønnlitterære papirbøker for vaksne, medan det i 2022 blei selt 943 658.
Det er altså ein nedgang på 87 314 bøker på ti år, eller 8,4 prosent.
Det er viktig å påpeike at talet på nye titlar i sal varierer frå år til år, og dette vil påverke salstala. Det er også slik at det einskilde år er nokre titlar som sel ekstra mykje og drar salstala opp.
Du kan lese meir om saka på våre nettsider:
Viktig å nyansere papirboksalet av norsk skjønnlitteratur for vaksne – Den norske Forfatterforening
44 nye stipendheimlar for kunstnarar, men …
Den 6. oktober blei statsbudsjettet lagt fram. I dyrtid, og med urolege tider ute i Europa, hadde nok ikkje bokbransjen dei aller største forventningane. Samtidig er det å vere forfattar alltid krevjande, spesielt når prisar, renter og kostnader stig. Difor var det gledeleg at regjeringa føreslår å auke potten for arbeidsstipend og langvarige stipend med 20 millionar kroner og 44 nye stipendheimlar. Likevel: Desse 44 stipendheimlane skal fordelast mellom dei ulike kunstnargruppene. I 2023 handsama stipendkomiteen for dei skjønnlitterære forfattarane 734 søknader, ein auke på 76 stykke frå 2022. Men talet på heimlar for arbeidsstipend gjekk samstundes diverre ned, frå 66 i 2022 til 64 i 2023.
Med ei medianinntekt på 140 000 kroner fryktar vi at det vil gå utover mangfaldet og breidda i litteraturen viss ikkje skjønnlitterære forfattarar får ein god del av dei nye stipendheimlane for 2024. I både vårt skriftlege og munnlege høyringsinnspel til statsbudsjettet har vi lagt vekt på dette.
Du kan lese meir om saka på våre nettsider:
Kulturrådet ber om innspel
Kulturrådet skal utnemne nye fagutval for perioden 2024–2025 og ynskjer innspel til utvalsmedlemer frå heile landet og med ulik bakgrunn, alder og sjangerkompetanse. Rundt 135 kunstnarar, kulturarbeidarar og andre fagpersonar har som oppgåve å vurdere søknader som kjem inn til Kulturrådet.
Vi oppfordrar medlemene i DnF til å spele inn forslag til medlemer til fagutvalet og vurderingsutvalet for litteratur i Kulturrådet, og eventuelt andre utval. Fristen er 1. november.
Forslag kan sendast inn her: Foreslå medlemmer til Kulturrådets fag- og vurderingsutvalg i perioden 2024 – 2025
Hugs medlemsmøtet 4. november!
Heilt til slutt vil eg minne om medlemsmøtet vår laurdag 4. november, og også møtet for nye medlemer fredag 3. november. På medlemsmøtet vil stortingsmeldinga «Kunstnarkår» og kunstig intelligens vere hovudtema: Blant anna blir det KI-foredrag ved forfattar Bår Stenvik og ein panelsamtale om KI, og dessutan kunstnariske innslag. Eg håpar så mange som mogleg kjem.