Aktuelt

Leve biblioteket!

    – Eit forsøk på å nyansere biblioteksaka Ope brev til kommunestyret i Vanylven     “Den som eier en hage og en boksamling…

© Stina Steingildra

 

 

– Eit forsøk på å nyansere biblioteksaka

Ope brev til kommunestyret i Vanylven

 

 

“Den som eier en hage og en boksamling mangler intet” skal den romerske filosofen og politikaren Cicero ha sagt ein gong i århundret før kristus. Det er ei stund sidan, men utsagnet har overlevd gjennom århundrar nettopp av den enkle grunn: han eit forbarka godt poeng. 

 

Så kan ein undre seg på kva det var Cicero forstod for fleire tusen år sidan, som ikkje Vanylven kommune har forstått enno. 

Eg trur omgrepet vi skal fram til er trivsel. Personleg velvere og utvikling, det å ha gode omgjevnadar rundt seg for å kunne trivast som menneske, som tenkjande og samhandlande menneske. Det å finne gode stadar for rekreasjon og gjenoppbygging.  Sjå, då manglar ein intet!

Og ordet trivsel, det er jo eit ord som politikarar i kommunen har teke i sin munn så mang ein gong. Så kvifor held det fram med å vere eit vakkert, men innhaldstomt ord som det snart går inflasjon i kvar gong det vert brukt? Kvifor legg ikkje politikarar meining og ikkje minst handling, i dette ordet? 

 

Då eg tok over som bibliotekleiar i kommunen i 2010, hadde vi i tillegg til hovudbiblioteket fire filialar i dei fire bygdene Åheim, Fiskå, Rovde og Åram. Dei to fyrste rauk i 2012, og kanskje gjekk det som det måtte gå, då dette var filialar som låg godt gøymde og ikkje vart så mykje brukt som dei fortente. Men vi klarte å berge to boksamlingar:  på Åram og på Rovde. Filialar som fungerar svært godt, som kan syne til  fantastisk gode besøks- og utlånstal. Dei vert brukte! Og eigentleg burde dette openbare argumentet vere meir enn godt nok til å behalde desse filialane.  Dei fungerar som gode møteplassar, ein stad der ein ikkje berre kan stikke innom for ei bok og få god hjelp til å finne fram blant hundrevis av titlar, men også ein stad der ein kan ta seg ein kaffi og slå av ein prat. 

I ei tid i kommunen der møteplassar ser ut til å forsvinne ein etter ein, ville det vere eit feilsteg å fjerne ein så godt opparbeidd møteplass som biblioteket faktisk er.  Eit kommunalt tilbod som er gratis for folk, og som er så godt som gratis for den kommunale økonomien også – sjølv om det ikkje høyrest slik ut i budsjettdebattar.

 

For det er alltid snakk om pengar. Det er slantane ein kan spare som driv politikarane til å legge ned velfungerande kommunale tilbod. Pengar er ein målestokk som er lettare å forstå enn kulturell kapital, sosialt fellesskap eller trivselsdiagram. Kroner og øre er lettare å rekne på enn den lesegleda ein kan sjå i eit barnefjes  som  har funne akkurat den boka og akkurat den historia han eller ho var ute etter. Studenten som kan kome og låne pensumlitteratur i ein pressa studiesituasjon. Den eldre kvinna som kjem for å låne lydbøker for å gje dagane litt meir meining i ein institusjonskvardag. Den gleda som stig opp der, den trivselen det tilfører eit enkeltmenneske, har ikkje lyd som eit gamalt kassaapperat. Difor altså så vanskeleg å skrive inn i eit budsjett. 

 

Vel, så lat oss forhalde oss til økonomien, då, når det er slik det skal vere. Og ta ein kik på kor store utgifter dei to små, men drivandes gode, filialane faktisk utgjer. Lat oss sette ting litt i perspektiv, slik på tampen av denne saka som har pågått som ein farse over lengre tid.  Eg vil særleg peike på tre ting: 

 

Personalutgifter: Om ein no vel å bevare filialane, med ein stillingsstorleik på 20 % fordelt på begge stader, vil stillingsprosentane til saman kome på 100 % for heile vanylven folkebibliotek. Hovudbiblioteket inkludert. Èi einaste heil stilling, fordelt på fire flinke damer (- ja, forresten, kva var det snakket om kvinnearbeidsplassar igjen?) på tre filialar. Det ville vere ganske smått og simpelt om ikkje kommunen klarar å oppretthalde èi heil stilling til fordeling i biblioteket. Er det verkeleg for mykje forlangt?

På biblioteksjefsamlingar (når ein har budsjett til slikt) sperrar representantar frå andre kommuner storleg opp auga når eg fortel om dei små stillingane vi har å rutte med hos oss. Det hender eg kjenner meg fullstendig i bakevja i slike selskap. Og eg som helst vil vere stolt av å seie: Eg representerar Vanylven! De veit, Vanylven! Med dei mange forfattarane! Med den flotte litterære arven, såvel lokalt som nasjonalt – ja, internasjonalt! Der vi verkeleg satsar på litteratur og kultur og bibliotek! Men den siste setninga er jo berre å stryke.  Og i staden får eg barmhjartige klapp på skuldra frå andre kommuner: «Såså. Ein får tru det kjem betre tider for Vanylven. Men ærleg talt: ÈI heil stilling til saman??»

 

Bok- og innkjøpsutgifter: Det er mange som ikkje veit om den fantastiske innkjøpsordninga. Eg vil tru det sit folk både i kommunestyre og formannskap som ikkje er klar over at ho i det heile tatt finst. Innkjøpsordninga sikrar alle folkebibliotek i Noreg, filialar så vel som hovudbibliotek, så godt som samtlege titlar for barn og vaksne som kjem ut på norsk i løpet av eit år. Gratis. Kulturrådet kjøper inn desse bøkene, og gjev dei vidare til biblioteka som får dei i si samling. Gratis. Det er snakk om kring 6-700 titlar i året. Gratis. Til kvar av biblioteka. Sa eg at det var gratis?

Dei få bøkene vi kjøper inn i tillegg er til dømes bygdebøker , lokallitteratur, ein del omsette bestseljarar, seriebøker og biografiar og så vidare. Desse er ikkje gratis, men utgjer ein veldig liten del av budsjettet. 

 

Elektroniske tenester: Vi har utgifter på elektroniske program og tenester. Skal ein freiste å gjere biblioteket tilgjengeleg og nokon lunde moderne, må det sjølvsagt til. Men dette er utgifter på program og abbonement som hovudbiblioteket i alle høve må ha, og det har såleis ingenting med utgiftene til filalane å gjere. Dette er ikkje ei utgift ein deler på tre bibliotek, men som hovudbiblioteket har i sin utgiftspost. 

Det er verd å nemne at filialstyraren på Åram har gjort ein fantastisk innsats i å legge inn og registrere boksamlinga der, slik at både lånarar og utlånar kan leite opp bøker elektronisk. Ein moderne filial, har det blitt. Eit durabeleg framsteg! Men tilsvarande tilbakesteg å skulle ha gjort dette store arbeidet for ingenting, om det endar i nedlegging. Meiningsløyse, må ein kalle slikt.

 

Så kor stor utgift er eigentleg bibliotektenesta for Vanylven kommune? Eg vil seie minimal. Heilt opplagt ei minimal utgift når ein set det i perspektiv og tenkjer over kor lite som faktisk skal til for å bevare to gode kommunale tenester i bygdene Åram og Rovde, to bygder som alt har mista skulane sine og kanskje alt kjenner på eit lite svik. 

Dette er to filialar som går så det susar i boksidene. Å utradere noko som fungerar for å spare nokre småpengar, det er slett ikkje god kommunalpolitikk. Å ty til argument som «det skal vere likt i alle bygder», noko som vart sagt og diskutert på eit formannskapsmøte, er slikt som fell på si eiga urimeligheit. Då må ein vel også ha skule i alle bygder? Barnehage i alle bygder? Sjukeheimar i alle bygder? Det er ikkje slik det verkar, og det veit alle som driv med politikk på kommunalt nivå. Bygdene er ulike, har ulike behov, ulike innbyggarar, ulike verdiar som pregar dei. 

 

Ein hage og ei boksamling, ja. Då manglar ein ikkje noko. Men om ein no vel å legge ned desse to bibliotekfilialane på Åram og Rovde, ja, så er det heilt sikkert mange som klarar seg med berre ein hage og vakker natur. Det har vi jo flust av ikring oss. Men jammen vil det vere mange som saknar ei boksamling også. 

 

 

Hilde Myklebust

Vanylving og bibliotekleiar