Følgende innlegg av Merethe Lindstrøm, Kjartan Fløgstad, Helene Uri og Sigmund Løvåsen står på trykk i Dagens Næringsliv i dag, onsdag.
Litteratur og språk
Maktspråk og motspråk, førkrigsspråk og framtidsspråk, fattigspråk og oljespråk. Gjennom litteraturen får vi stemmer frå alle geografiske område, på nynorsk og bokmål, på sosiolekt og dialekt. Terminologi frå fiskarbåt, motebransje, rus- og departementsmiljø, øysamfunn og innlandsby, kraftkommune og nedgangstider, oljeplattform og sjukeheim blir samla i fil eller mellom permar.
Samfunnsberande språk
Norsk er eit relativt lite språk og med det sårbart. I 2008 kom stortingsmeldinga Mål og meining som slår fast at ”For alle folk er språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare på vårt eige språk”. Vidare står det at ”Det overordna målet for språkpolitikken må difor vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg.”
Norsk som fagspråk
I stortingsmeldinga blir norsk fagterminologi løfta fram som særs viktig for å nå denne målsettinga. Eit mangfald av norske fagbøker sikrar at studentar har fagterminologi til bruk i eit norskspråkleg samfunn den dagen dei går ut i arbeidslivet. Norske studentar skal kunne tileigne seg kunnskap på eige morsmål, det gir best læring. Det er viktig at forfattarar og forlag framleis får mulegheit til å gi ut bøker innafor alle fagområde, også dei små. Den vanlege lesar har ingen organisasjon til å tale si sak. Lesarar av faglitteratur har det. Norsk studentorganisasjon har støtta arbeidet for ei boklov mellom anna av språkpolitiske omsyn.
Språk som kunst
Skjønnlitteraturen gir på ein annan måte enn sakprosa og faglitteratur ein analyse av hendingar og fenomen både i fortid og notid. Hos eit lesande folk som det norske, er dermed skjønnlitteraturen med på å forme ei språkleg ramme folk kan forstå seg sjølve og samfunnet i. Forfattarane kan også gi stemme til sider og menneske i samfunnet som sjølv ikkje har språket i si makt. Eit språk som ikkje blir brukt til skjønnlitteratur, er ikkje eit fullverdig språk.
Språkpolitisk vilje
Litteraturen er ein grunnmur i språket. Med innkjøpsordningar, momsfritak, stipend og bokavtale er det gjennom dei siste femti åra tatt grep for å sikre den norskspråklege litteraturen. Erfaring frå land med fripris viser at mangfaldet av litteratur taper. Ein mindre mangfaldig litteratur, gir eit mindre mangfaldig språk. Færre av stemmene kjem til orde, færre område, både geografisk og tematisk, får sitt litterære og språklege uttrykk. Omsynet til norsk språk og språk som kulturuttrykk må få ein større plass og vege tungt i den vidare debatten om ei framtidig boklov. God litteraturpolitikk er god språkpolitikk.
Helene Uri Kjartan Fløgstad Merethe Lindstrøm Sigmund Løvåsen