Aktuelt

Målprisen til Jon Fosse

Noregs Mållag gir Målprisen 2012 til forfatteren og dramatikeren Jon Fosse. – Fosse er den fremste representanten for nynorsk skriftkultur i dag, sier leder Håvard B. Øvregård i Mållaget. «Årets målpris går til en person med en rik produksjon og en særpreget røst. Personen er fra Vestlandet, men det er et helt eget univers han tar oss inn i. Et univers som gir klangbunn over hele verden», heter det i begrunnelsen.

I pristalen sa Håvard B. Øvregård:

Jon Fosse

Noregs Mållag gir Målprisen 2012 til forfatteren og dramatikeren Jon Fosse. – Fosse er den fremste representanten for nynorsk skriftkultur i dag, sier leder Håvard B. Øvregård i Mållaget. «Årets målpris går til en person med en rik produksjon og en særpreget røst. Personen er fra Vestlandet, men det er et helt eget univers han tar oss inn i. Et univers som gir klangbunn over hele verden», heter det i begrunnelsen.

I pristalen sa Håvard B. Øvregård:

Årets målpris går til ein person med ein rik produksjon og ei særmerkt røyst. Personen er frå Vestlandet, men det er eit heilt eige univers han tek oss inn i. Eit univers som gjev klangbotn over heile verda.

Det er ikkje ein musikar som får årets målpris, men mange meiner han likevel er kjend for ein bestemt rytme. Minimalisme er òg eit omgrep som vert brukt om produksjonen til målprisvinnaren. Her er alt overflødig skrella vekk og me står attende med orda. Det er kanskje den reinskorne stilen som gjer at han i dag vert spelt på teater over heile verda. Nærvêret av fråvêr, har Hadle Oftedal Andersen sagt at karakteriserer målprisvinnaren sin produksjon.

Uansett har målprisvinnaren skrive seg til ein status som noko så unikt som ei nynorsk verdsstjerne!

Det er med stor æra Noregs Mållag gjev Målprisen 2012 til den fremste representanten for nynorsk skriftkultur i dag: Jon Fosse!

Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.

Fosse kjem frå Strandebarm. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og ei essaysamling. Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten (1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke i norsk samtidslitteratur.

Fosse er nynorsking, og han skjemst ikkje av det, tvert i mot: Eitt av dei mest kjende sitata frå Fosse handlar nettopp om det:

”Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?”Gjennom dette har han sett ord på det mange nynorskingar har kjent på, med dette sitatet har han synt at dei ikkje er åleine.

Ansvaret for sin eigen status som nynorsking er Fosse svært medvite, og han har teke det ansvaret på mange ulike vis – mellom anna har han sete som styremedlem i Nynorsk kultursentrum.

Kulturministeren var ikkje i tvil då ho skulle avgjera kven som skulle flytta inn i Statens æresbustad etter at Arne Nordheim gjekk bort. Då staten avgjorde at Jon Fosse skulle flytte inn i Grotten, som no lyt heite Grotta, viser det klårt og tydeleg at Jon Fosse er den største og fremste representanten i dag for nynorsken!

Fosse har sjølv sagt at han var veldig usikker då han var spurt om å flytte inn i Grotten, men at han kom til at det var symbolsk viktig at han flytta inn, og at han burde gjere det for nynorsken.

I samband med innflyttinga i Grotta uttala han til Morgonbladet – Som eg før har sagt, så er nynorsken noko av det viktigaste i livet for meg. At sidemålsopplæringa slett ikkje er som den burde vera, det er noko heilt anna, og noko ein bør gjera noko med.

Fosse er kommandør av St. Olavs orden, men for mange i målrørsla er han ein litterær nynorskkommandør som har trassa språkbarrierane og kjempa nynorskkampen på sin heilt eigne måte og synt oss alle at om ikkje alle kan kome til Strandebarm, så kan Strandebarm innta verda!

Gratulerer med målprisen 2012!