Digital, forklarar litteraturforskar og prosjektleiar hos Kulturrådet Øyvind Prytz, kjem frå latin og betyr finger. Det kan ha å gjere med teljing, seier han, og viser til grunnprinsippet i det digitale: Informatikk handlar om nullar og einarar. Frå desse to teikna skapast uendeleg mange bodskap og meiningar. Heilt sidan åttitalet, fortel Prytz, har kunstnarar og forfattarar utforska kunst og litteratur gjennom ny teknologi. I Norden var særleg svenske forfattarar var tidleg ute med ein form for digital ouliposk concrete poetry på skjerm. Men kva skjer med norsk samtidslitteratur i den digitale tida? Dette er noko av det Øyvind Prytz går gjennom. Med utgangspunkt i boka si Litteratur i en digital tid viser han til dei som bruker teknologien og motreaksjonane: dei som går endå meir inn for å utnytte mulegheitene som ligg i papirboka. Han fortel om Ingrid Storholmens druknande dikt om synkande skip og Kjersti Annesdatter Skomsvolds Litt trist matematikk, der ei heil line består berre av tal. Som han kan dekode. Prytz fortel om andre måtar forfattarane forholder seg til teknologien – eller ikkje gjer det, om t.d. myta om Johan Harstads motstand mot eboka, og korleis den 1200 sider lange, 1, 5 kilo tunge boka Max, Mischa & Tetsoffensiven likevel kom ut som e-bok. Om kva e-bokformatet gjer med lesinga vår, på godt og vondt: Korleis det der berre handlar om tekst, at ein sjølv kan velje font og format, margar eller ikkje margar, og korleis ein gjerne, når ein har funne eit format i e-bok som ein liker, drar dette formatet ned over alle bøker. Kva då med lyrikken, spør Prytz: Tekstane som ofte har den form for materialisme at liners deling og plassering på sida er ein viktig del av meiningsdanninga? I e-bokformatet er det vanskelegare å fikse og feste sideoppsettet. Lesaren kan tilpasse som han vil.
Ein annan måte tekst tilpassar seg ei digital røynd, er gjennom sosiale medium. Prytz viser til Linnea Myhre som i bloggen fann eit format der ho uttrykte seg på sine premiss. Ho byrja som bloggar og blei forfattar. Prytz viser óg til forfattarane som eksperimenterer innanfor formata av dei sosiale medium. Han får plass til ei kommentar om det ekspansive i Frode Gryttens twitternoveller; tekstane som må passe på 140 teikn og som skal romme meining for 140 000 teikn.
Ståande i kjellaren av Bø Hotell, kommenterer Prytz gjerne også på namnevalet til festivalen. Bøker i Bø, seier han – kan ha vore valt på grunn av den fengande alitterasjonen. Men kva grunnen enn var, så viser det til bøker, eit materiale og fysiske objekt, og ikkje til det abstrakte tekst. Dermed fortsett programmet med Jørn H. Sværen, som begynner med å rydde roser og pynt frå bordet, for å gjere plass til litteraturen: Store bunkar med bokverk og litterær kunst i form av chapbooks, bordkort og andre trykksaker. Blant tankane han har om det materielle ved litteraturen, er kjelder som materialitet: I ei tid av googlelitteratur leiter Sværen gjerne i mellomaldermanuskript og anna som ikkje finst digitalt. Sværen fortel om hans uavhengige kunstbokforlag H-Press som var aktivt frå 2005-10, og om det seinare England forlag. Han fortel mellom anna om dei mindre, ferdige verka han skapar på England forlag og sett saman til større verk, på sikt. Dronningen av England (Kolon, 2011) er døme på ei «vanleg» bok (over 32 sider, innbundet, innkjøpt) på større forlag.
Programleiar og bokbadar under Bøker i Bø, Edy Poppy (t.v), med Kjersti Rorgemoen.