Momsfritak for språk og lesar

Skal papirbøker være fritatt fra moms? Virker det offentliges økonomiske støtte til styrking av norsk litteratur etter hensikten? Dette er noen av spørsmålene i en…

Skal papirbøker være fritatt fra moms? Virker det offentliges økonomiske støtte til styrking av norsk litteratur etter hensikten? Dette er noen av spørsmålene i en debatt i Dagens Næringsliv. Her kan du lese innleggene i debatten: Utspillet til forlegger Erik Lundesgaard, som er kritisk til dagens ordning: http://www.bokogsamfunn.no/mener-momsfritak-er-foreldet/ Svaret til Gyldendals Einar Ibenholt: http://boklaben.no/2011/10/17/litteraturpolitikken-virker/ Lundesgaards tilsvar: http://blogg.lundesgaard.no/2011/10/19/1171/

Her følger innlegget til DnFs nestleder og styremedlem Sigmund Løvåsen, som sto på trykk i Dagens Næringsliv 20. oktober:

Av Sigmund Løvåsen
nestleiar i Den norske Forfatterforening

Erik Lundesgaard hevdar i sin kronikk den 13. oktober at momsfritaket for bøker er ”en etterlevning fra 60-årenes kulturpolitikk”, og spør om det framleis finst gode argument for ordninga. Den norske Forfatterforening (DnF) sitt svar på dette er JA.

Momsfritaket er språkpolitisk grunngjeve. Noreg er eit lite språkområde, noko som krev spesielle tiltak for å halde oppe eigen litteratur og eige språk. Fritaket kjem først og fremst lesaren til gode gjennom lægre bokprisar. For ei prissensitiv vare som boka, vil dette auke salet. Lægre prisar fører også til at prisforskjellen på engelske og norske bøker ikkje blir langt større enn han treng vere. Sidan den norske marknaden er relativt liten, vil norske bøker alltid vere dyrare enn engelske, innføring av moms vil auke forskjellen. Momsfritaket gjeld alle bøker på norsk, frå lyrikk til bøker om fuglehundar. Lundesgaard meiner at det dermed er eit upresist verkemiddel med mange ”gratispassasjerar”. Men så lenge målet med fritaket er å styrke norsk språk, er det svært presist at det omfattar alle bøker gitt ut på norsk. Jo fleire som les Ragde, Petterson og fuglehundbøker, jo fleire brukar norsk og syter for å sikre språkleg breidd og nyanserikdom innafor alle slags felt. Dette kjem også smalare litteratur, t.d. poesien, til gode, ved at det finst eit levande norsk språk å verke innafor.

Lundesgaard held valfridomen til lesaren høgt, men kva måte han meiner valfridomen skal oppstå på, er ikkje lett å forstå. ”Å nå ut til folk med kulturprodukter handler i stor grad om evne til markedsføring.” Han held fram Juritzen som døme etter som forlaget har seld 800 000 bøker av Samartin i Noreg. Han skriv seinare: ”I stedet for å markedsføre bøker pøses det ut såkalte smale skjønnlitterære utgivelser som går rett til innkjøpsordningen …”. Meiner Lundesgaard at forlaga i større grad skal bruke marknadsføringsapparatet sitt på heile breidda av litteratur, også dei smale titlane, er vi heilt på linje. Meiner han at lesaren sitt val i større grad skal bli styrt av forlaga si marknadsføring er eg meir skeptisk. Det er vanskeleg å sjå at dette skal kome språkleg og litterær breidde til gode og gi lesaren reell valfridom.

Med e-bokas inntog vil presset mot norsk språk auke. Frå godstolen kan vi laste ned nok engelskspråklege bøker for eit heilt liv, så å seie gratis. Med det låge talet på mulege kjøparar av ei norskspråkleg bok og med det relativt høge kostnadsnivået, er det ikkje muleg for norske forlag å konkurrere med engelskspråklege bøker på pris. Men for likevel å halde det på eit nivå som gjer det interessant for ein norsk forbrukar å kjøpe varen Norsk Bok, er det naudsynt å halde på momsfritaket for litteratur og å vidareføre dette uavhengig av format.
DnF stiller seg positive til at vi no får ei utreiing av språkpolitiske verkemiddel. Og vårt håp er at utreiinga legg grunnlag for ein litteraturpolitikk som vil hjelpe oss å oppretthalde ein levande litteratur og eit levande norsk språk også i framtida.