Møt rådskandidat Kjersti Rorgermoen

Valgkomiteens presentasjon:  Kjersti Rorgermoen – innstilt som nytt medlem i DlR Kjersti Rorgermoen er født i 1982 og bosatt i Tokke. Hun debuterte i 2009…

kjersti_rorgemoen

Valgkomiteens presentasjon: 

Kjersti Rorgermoen – innstilt som nytt medlem i DlR

Kjersti Rorgermoen er født i 1982 og bosatt i Tokke. Hun debuterte i 2009 med «Purkene snudde seg» på Kolon forlag. Rorgermoen har vært redaksjonsmedlem i fanzinen Ikke til hjemlån og i Vagant. I 2016 ble hun tildelt Bokhandlerforeningens store forfatterstipend, og samme år mottok hun Jan Roar Leikvolls minnepris. Rorgemoen ble også medlem av DnF i 2016.

– Kvifor blei du forfattar?

Skriving er ein måte å ta inn verda på, for eigen del foredle den og dermed også forstå den betre. I starten var eg interessert i å finne ut kva eg klarte å gjere med ord. Etterkvart har eg også blitt interessert i kva orda kan gjere.

– Korleis var vegen til den første boka di, og så vidare til neste?

Eg dreiv og skreiv ferdig ei mastergradsoppgåve då eg byrja på den fyrste boka mi. Det var frigjerande å bruke eit anna språk enn det akademiske, sleppe å ha ryggdekning for alle påstandar. Den andre boka var kronglete, ein slags depresjon. Løp og kjøp! Den tredje boka blir endå betre.

– Kva synest du er dei største utfordringane for norske forfattarar i 2019?

Å skrive noko som betyr noko, og som får betydning.

– Korleis synest du at norsk bokbransje fungerer? 

Eg opplever kåra for å kunne skrive som gode, særleg om ein lever litt nøysomt. Kravet om å by på seg sjølv på dei mange litteraturscenene kan ein alltids velje å takke nei til, dersom det utkonkurrerer skrivetid. Skriveskulane er viktigare enn ryktet sitt. Tidsskriftsmiljøa avlar mange reflekterte litteratar. Når det gjeld forlaga, kjenner eg eigentleg berre til Kolon, som er så lite at ein får tillitsvekkande god oversikt. Det kunne gjerne ha vore endå fleire profesjonelle, heilblods kritikarar her til lands, det er ein veg eg synst det er strålande at folk gjev seg ut på. Det blei eit litt indirekte svar dette, kanskje.

– Kva liker du sjølv å lese?

Før var eg oppteken av den litteraturhistoriske inngangen til bokheimen, studerte litteraturvitskap og nordisk, med fordjuping i essayistikken til A. O. Vinje. No les eg mest samtidslitteratur i form av romanar. Men er også glad i subjektive essay, kortprosa, teikneseriar, lokalhistorie.

– Kva forventningar har du til Forfatterforeningen i åra som kjem?

At ein fortset det gode og viktige arbeidet for best moglege rettar og avtaleverk for forfattarar. At ein formidlar trua på den kvalifiserte lesinga, på ein nyansert måte som til dømes ikkje skil forenklande mellom smalt og breitt, folk og elite. At ein målber viktigheita av å ha personar med den sterke litteraturen som hovudinteresse til å fordele stipend, som del av det kontinuerlege arbeidet med å skilje maktpolitisk interesse frå kunstnarisk verksemd.