Valgkomiteens presentasjon:
Nils Henrik Smith – innstilt som nytt medlem i DiR
Nils Henrik Smith er født i 1980 og bosatt i Oslo. Han debuterte med romanen «Manhatten Skyline» på Samlaget i 2007. For den ble han tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris. Han ble også kåret til en av de ti beste forfatterne under 35 år i 2015. Nils Henrik Smith ble innvotert i DnF i 2010.
– Hvorfor ble du forfatter?
Til dette spørsmålet finst sjølvsagt inkje fullt ut tilfredstillande eller sannferdig svar. Men eg trur ærleg talt den viktigaste grunnen til at eg er forfattar er at eg ikkje veit kvifor eg er forfattar. Å skrive er noko eg først og fremst gjer for å finne ut kvifor eg skriv.
– Hvordan var veien til første boken, og videre til de neste?
Eg hadde rimeleg seriøse skriveambisjonar frå eg var i 16-17-årsalderen, eg skreiv til alle døgnets tider og i alle sjangrar, og då eg etter kvart la meg til ved Universitetet, var rolla som student ærleg talt først og fremst eit skalkeskjul for min indre forfattarspire. Viss eg hugsar rett, byrja eg å skrive på det manuset som vart min debutroman våren 2004, då eg gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen. Etter om lag halvtanna år syntest eg det var bra nok til å sende inn til ymse forlag, og fekk då positiv respons samt ei veldig god og poengtert konsulentfråsegn som anspora meg til å jobbe vidare. Men eg hadde stadig både studier, jobb og andre plikter, så skrivearbeidet gjekk i rykk og napp og eg var ikkje ferdig før i april eller mai 2007, om lag tre år etter at eg først fekk idéen til romanen. Etter at boka kom ut same haust, gjekk eg lenge rundt i ein slags debutantrus og skreiv knapt noko på over eit år, men då eg først sette meg til tastaturet igjen, skreiv den påstått vanskelege andreboka seg tilsynelatande nærast av seg sjølv. Dette førte sjølvsagt til at eg, arrogant som eg var, fortalte alle som ville høyre at den vanskelege andreboka ikkje var det minste vanskeleg, og dét har eg fått svi for i ettertid, då både den tredje og den komande fjerde romanen har synt seg å vere særs tid- og arbeidskrevjande.
– Hva synes du er de største utfordringene for norske forfattere i 2019?
Den største utfordringa for dei fleste norske forfattarar er sjølvsagt å ha tid til å skrive. Og med tid meiner eg pengar. Anten ein har fast jobb ved sidan av eller balanserer forfattarskapet på frilanstilværets slake line, handlar det først og fremst om å kunne ta seg råd til å bruke tid til å arbeide med språket og idéane, til å kjempe mot seg sjølv og sine eigne avgrensingar. I litteraturen skjer det så godt som aldri at ein lukkast 100 %, men for å mislukkast stadig betre treng ein tid, ro, rom å arbeide i.
– Hvordan synes du norsk bokbransje fungerer?
Norsk bokbransje fungerer betre enn bokbransjen i dei fleste andre land. Det er fordi vi over tid har hatt sterke organisasjonar som har forhandla fram gode avtalar, og fordi dei sterke i nokså stor grad har stilt seg solidarisk med dei svake.
– Hva skulle du ønske var annerledes, og hvordan?
Som dei fleste ser eg med ein viss skepsis på kommersialiseringa av bransjen, og bekymrar meg for at vi over tid vil kunne få ei utvikling som bidreg til å innskrenke det litterære handlingsrommet for forfattarar flest. Eg har forståing for at forlaga ynskjar bestseljarar, men når eg ser at enkelte brukar enorme summar på å kjøpe inn regelrett søppel frå den angloamerikanske marknaden, tenkjer eg at desse ressursane med fordel heller kunne gått til arbeidet med å gjere gode, norske forfattarskap meir salbare.
– Hvilke forventninger har du til Forfatterforeningen i årene som kommer?
Eg håpar og trur Forfatterforeningen vil halde fram med å vere landets sterkaste og viktigaste organisasjon for forfattarar av norsk skjønlitteratur.