Aktuelt

No må du søkje om – og betale for plass på Skriveloftet

I øvste etasje av Litteraturhuset, der det i Lærarhøgskulens dagar var kjemisal, har skribentar hatt skriverom. Heilt sidan Litteraturhuset sin opning for tretten år sidan,…

screenshot_2019-11-08_at_13

I øvste etasje av Litteraturhuset, der det i Lærarhøgskulens dagar var kjemisal, har skribentar hatt skriverom. Heilt sidan Litteraturhuset sin opning for tretten år sidan, har skribentar, etter enkel søknad, fått tilgjenge til skrivesalane. Tilbodet har vore gratis, og har vore svært populært og mykje brukt. 

Frå og med 1. desember er ikkje lenger tilbodet gratis. Det blir satt eit tak på 100 brukarar. Medlemmar av DnF får leige plass for 450 kroner i månaden om ein bind seg for eitt år. Prisen eksluderer MVA. Den som betalar leige vil ikkje vere sikra arbeidsplass. Førstemann til mølla-prinsippet gjeld.

Litteraturhuset vil også gi tre «æresplassar» kvart år. Ein er då friteke frå å betale leige det året, men betalar med eit oppdrag: Ein «forplikter seg til å bidra inn til Litteraturhusets program i løpet av året. Det kan være med et foredrag, et skolebesøk, en panelsamtale eller annet, avhengig av mottaker.» (Sitat er frå Litteraturhuset.no/skriveloftet, der det også er meir informasjon om den nye ordninga.)