Aktuelt

Nordisk Råds Litteraturpris til barne – og ungdomsbøker

I ein pressemelding frå departementet heiter det: – Eg er glad for at Nordisk Råd har gått inn for å etablera ein eigen pris for…

Foto © Mette Karlsvik

I ein pressemelding frå departementet heiter det:

– Eg er glad for at Nordisk Råd har gått inn for å etablera ein eigen pris for barne- og ungdomslitteraturen. I 50 år har Nordisk råds litteraturpris bidratt til å gje merksemd til nordiske forfattarar, men han har aldri vore delt ut til ein barne- og ungdomsforfattar. Barn og unge er minst like viktige lesarar som vaksne. Den nordiske barne- og ungdomslitteraturen held høg kvalitet. Prisen kan vera med på å lyfta han enda høgare, seier kulturminister Hadia Tajik.

Alle dei nordiske kulturministrane har samarbeidd for å oppretta prisen, og heile tre norske kulturministrar har vore med på å få han realisert. Ideen kom opphavleg frå tidlegare kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland. Førre kulturminister Anniken Huitfeldt tok ideen og arbeidet opp att. No har kulturminister Hadia Tajik fullført arbeidet.

I tillegg til ein eigen Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur har kulturministrane i Norden blitt samde om eit lyft for den nordiske barne- og ungdomslitteraturen. Dette skal gjerast ved å gje auka støtte til omsetjing, etablering av møteplassar og nettverk for forlag, omsetjarar, forskarar og formidlarar, forfattarskule for unge og møte mellom barn og unge og forfattarar.