Nordisk råds litteraturpris til Jon Fosse

Jon Fosse (56) fekk prisen for triologien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd». Bøkene er gitt ut av Det norske Samlaget. Den andre norske nominerte var Kristine…

fosse_c_samaget

Jon Fosse (56) fekk prisen for triologien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd». Bøkene er gitt ut av Det norske Samlaget. Den andre norske nominerte var Kristine Næss.

Då Det norske Teatret markerte Fosses 20-årsjublieum som dramatikar, gjorde underteiknande dette intervjuet for Dramatikkens Hus sitt kvartalvise magasin. Der hugsar forfattar endåtil debuten – prosaboka Raudt, svart:

Poesi, presisJon

Kva er samanhengen mellom Jon Fosses konsentrasjon og poetiske presisjon. Er det som Lorca seier at A play is poetry standing. Og var det ikkje Gertrude Stein som sa at ein presis skrivar ikkje treng andre teikn enn punktum. 

Jon Fosse svarar:

– Lorca seier, slik eg har gått rundt og hugsa på sitatet, at a play is a poem standing up. Det er framleis den beste definisjon av eit stykke, av eit godt stykke, eg kjenner til. Og det er sant. Men det er likevel ikkje heile sanninga – eit stutt imagistisk dikt kan ha eit heilt stykke i seg, det er sant, men for å verta eit stykke må biletet så å seia falda seg ut, bli romleg. Og i denne utvidinga må det oppstå motsetnader som gjev ein eller annan dynamikk til bildet. Gjer at det ikkje vert stilleben, men dramatisk utvikling.

Skrifta som det ligg så mykje forventning frå han i. Dramatikken, endåtil poesien, «dei sakte romanane» har spaltistar, kritikarar, kulturjournalistar gjort til potensiell dramatikk. Det er liksom ikkje lov for Fosse å forlate scenen. Sjølvdefinert ferdig. – Nei, eg diktar ikkje for tida. Men eg har lese mykje – svært mykje katolsk litteratur, teologi, kyrkjehistorie, Thomas Aquinas, alt mogeleg, og no seinast las eg om att Heidegger og Wittgenstein, som vart så viktige for meg då eg var ung, og eg merkar at dei framleis er viktige, at dei har prega både meg og diktinga mi mykje, seier Fosse, i eit intervju for Dramatikkens Hus sitt kvartalvise magasin. Eg gjorde saka i samband med Fosses jubileum som dramatikar, og gjorde det kronologisk, i høve poeten, romanforfattaren, essayisten – og dramatikaren sin biografi:

MOT STAND

Jon Olav Fosse blir fødd i Haugesund i 1959, og veks opp i Strandebarm i Kvam kommune, i ei bygd der bedehuset står sentralt. Samlingar i sirkel, stille sitt sambygdingane – med hovuda bøygde over falda hender. Djup konsentrasjon over eitkvart. Kallar det bøn, kanskje Gud. Var det der han vart fødd, den konsentrerte, dedikerte.

– Kven var du på folkeskulen?

– Eg var ganske gjennomsnittleg. Men eg fekk dårlege karakterar i norsk på ungdomsskulen, låg på NG, det vil seia Noko godt, den nest dårlegaste karakteren. Difor var det ei stor overrasking for meg at eg bums hoppa opp til 5 og låg deromkring heile tida på gymnaset. Eg må vedgå at eg seinare har tolka det som om at eg på ungdomsskulen hadde ein seminarist til lærar, på gymnaset ein lektor, seier Fosse. Norskundervisninga handla om å skrive samanhengande og korrekt. Men diktning dreiv dei ikkje med på folkeskulen i Strandebarm. Slik fekk Fosse ha diktinga for seg sjølv. Slik fekk han gjere orda sine til strengar på ein stengd gitar: 

Bildetomt, musikalsk

Fosse forlet heimbygda og studerer – og blir ein del av det litterære miljøet i – Bergen. Han debuterer som forfattar med Raudt, svart i 1982, og følgjer opp med den kritikarroste Stengd gitar. Sidan har han hatt mykje suksess med romanar som Naustet, Melancholia I og II, og Andvake. Som dramatikar kan han vere av dei mest spelte i heile verda. Han er ein viktig ambassadør for Noreg i utlandet. Frå Spania kom dramatikaren Ana for å møte Fosse, i mars i år. Det framstår smertefullt, for deg å skrive, sa Ana, til Fosse. 

Likevel skriv han mykje. Mykje i kvantitet og kvalitet. Kva betyr då konsentrasjon for han: Betyr det at han klarar å skrive mykje og godt på kort tid, heile tida. Eller betyr det at det går sakte, at skrifta er ein seig materiale som han må skjerpe seg for å komme inn i, løyse opp i. Betyr konsentrasjon at han kan «snakke» med meg, og møte meg her, i denne skrifta – samstundes med at han skriv på noko?  

– Nei, gjentek Fosse: Han skriv ikkje lenger. Verkeleg?

– Eg skriv ikkje lenger dramatikk, og har ingen planar om å skriva meir eige for teater. Men eg skriv versjonar, og eg set om stykke. Og om eg ikkje set om musikalsk, set om den musikalitet som kvar einskild dramatikar har, så er eg ein dårleg omsetjar. Det er elles det som merkjer ut ein dårleg omsetjar for meg. Det er mindre viktig om ein misforstår eit ord her eller der, det viktige er at ein får fram musikaliteten – eller røysta, om du vil – i originalen, seier Fosse.

De kan lese resten av intervjuet her.