Nordlyd

Kunstfestivalen Kvinner på kanten debuterte i år, på Kaviarfabrikken i Henningsvær. Dette kross-nordiske møtet byrja fredag, og vart søndag avslutta med eit nordisk meistermøte: Høgtlesing…

Forfattar, biletkunstnar og performancekunstnar Kurt Johannesen i framsyning ved Kaviarfabrikken © Mette Karlsvik

Kunstfestivalen Kvinner på kanten debuterte i år, på Kaviarfabrikken i Henningsvær. Dette kross-nordiske møtet byrja fredag, og vart søndag avslutta med eit nordisk meistermøte: Høgtlesing av Inger Elisabeth Hansen, som fekk Nordisk råds litteraturpris i 2006 – for ei diktsamling – og Gerdur Kristny, som var nominert til Nordisk råds i 2011 – også ho for dikt. Mellom lesingane, opptrådte vokalist Ruth Wilhemine Meyer. Hendinga toppa ei helg av diktnad frå scena, som stønt-skriving, med og for born, av Linde Hagerup.