Norrøn festkveld

Snart avsluttar den islandske ambassadørane til Oslo, Hermann Ingolfsson og Hildur Blöndal Sveinsdóttir, sin periode, og reiser til Brussel for nye diplomatoppgåver. På dei åra…

screenshot_2018-11-21_at_16

Snart avsluttar den islandske ambassadørane til Oslo, Hermann Ingolfsson og Hildur Blöndal Sveinsdóttir, sin periode, og reiser til Brussel for nye diplomatoppgåver. På dei åra Hermann har vore ambassadør, har han arrangert eller vore med på å arrangere mange litteraturprogram. I residensen på Bygdøy har det vore både språkdagsmarkeringar og boklanseringar, og seinast på laurdag var ambassaden ansvarlege for eit stort seminar om Laxness på Nasjonalbiblioteket. Norske forfattarar har vore engasjert – som Tore Renberg og Roy Jacobsen, som talte på Laxness-seminaret. Og på laurdag skal m.a. Helene Uri i aksjon når ambassaden, saman med Thorleif Dahls Kulturbibliotek, Klassekampen og Foreningen Norden, ønskjer oss alle velkomne til Norrøn Festaften i Universitetet i Oslo sin aula. Arrangementet begynner klokka 18. Lenke til påmelding finn de her.