– Problemet med litteraturdekninga i dag er denne metadekninga der substituttet, NRK sine eigne medarbeidarar og meldarar, er gjort viktigare enn litteraturen, seier Frode Grytten. Journalisme er når journalistikk blir ideologi. Ein brukar det ofte når journalistar gir seg sjølv ein overdriven høg maktposisjon. Er det ein slik type litteraturens journalisme Grytten snakkar om, i sine kommentarar til at NRK-sjefar viser mindre av kunsten, og snakkar meir om den? Les vidare, og finn ut
Førdagen las Frode Grytten opp fleire noveller på NRK Radio. Twitternovellene hans var på toppen 140 teikn, og var over bare sekund etter at Grytten byrja å lese dei. No har NRK kutta ut den stillinga i P2 som var ansvarleg for Verdt å lese. Å ta vekk høgtlesning er ein bevisst politikk. Dei vil heller snakke om litteraturen enn å vise han fram. Kva tenkjer Grytten om dette?
– Dette er ein generell tendens, ein dyrkar substituttet framfor den ekte vara, ein vil ha meta framfor sjølve greia, fordi det er lettare, fordi det utfordrar mindre, fordi det kostar mindre, både økonomisk og intellektuelt. Substituttet er tilpassa formatet og mediet, språket er tilpassa det mediale språket og ønsket om å få fleire lyttarar/halde på lyttarane, seier Grytten, og forklarar vidare:
– Slik er det med journalistikken elles også, i mindre og mindre grad går ein til kjelda, til sjølve opphavet, i staden nyttar ein det ein oppfattar som ekspertar, kommentatorar, medlarar, autoritetar, formidlarar, profesjonelle aktørar som kan plassere hendingar, trendar eller fenomen (eller kunstverk for den del) i samanheng, og ofte: snakke noko opp eller ned, skape ein kanon eller lage debatt eller halde ein meiningsproduksjon i gang.
– Kva går tapt om ein fjerna dette substituttet?
– Ingenting. Det er bare den profesjonelle journalistikken som har dette drivet i seg, at den verkelige verda, eller kjelda, eller den primære røynda, må fortolkast eller setjast inn i ei ramme, forklarast, fortolkast, lagast eit hierarki av, gjørast om til (skarpe/sterke) kommentatorar og vurderingar.
– Lærer ein godt språk av å lytte dei som kan språket?
– Sjølvsagt, det er opplagt for alle andre enn dei som driv med journalistikk, og som er i eit evig driv mot at deira eiga stemme er den einaste som kan forklare og formulere verda.
– Kva har skjønnlitteraturen som journalistikken manglar?
– Det eineståande med den gode skjønnlitterturen er at han alltid er på innsida, han finst i dei romma der vi lever, på dei stadane der det verkelige livet utfaldar seg. I det skjønnnlitterære språket vil ein lesar eller lyttar automatisk vere innanfor, ta del i andre menneskes liv. Eg meiner at det er ei opplæring i empati, ein blir nødt til å sjå den andre, sjå dei andre, vere der dei andre er, seier Grytten, og legg til:
– Journalisten, dokumentaristen vil alltid bli ståande utanfor og kikke inn, må fortolke, gjenfortelje, forsøke å skrape saman i ettertid, dei er nesten alltid tilstades før eller etter at det verkelig viktige hendar. Dette skapar også ein annan type språk, som for det meste fortolkar verda på profesjonelt vis, kaldt, nøkernt, på skjematisk vis, med ein stor avstand, ironisk nok sjølv om dei forsøker å komme tett på. Dette gjør at journalistikken i veldig mange tilfelle legg ei hinne mellom lyttar/lesar og den verkelige verda som journalistikken har i oppdrag å skildre. Eg meiner dette er høgst problematisk, ein held fram i dag at det er så viktig med debatt og ytringsfridom, som om det skal løyse saker, vi har gåande debattar om debatten, men det vi gløymer er at jornalistikken heilt sviktar sitt oppdrag med å gå ut i verda og finne ut korleis verda faktisk er skrudd saman, seier Grytten: Skjønnlitterturen på sitt beste gjør framleis det.
– Hva er skjønnlitterære tekstars bidrag i den medieverda som du no skildrar?
– Eit motspråk, eit anna språk, eit anna syn på verda, ein motstand, ei anna innsikt, ein empati, kjensler, sinne, frustrasjon, opprør, varme, glede, lyst, begjær, alt anna enn alle desse profesjonelle maskene.
– Kva synest du om at NRK prioriterar musikk framfor litteratur, og meta framfor ekte vare?
– Problemet med litteraturdekninga i dag er denne metadekninga der substituttet, NRK sine eigne medarbeidarar og meldarar, er gjort viktigare enn litteraturen. Eg synest dei jamnt over gjer ein god jobb, dei er kunnskapsrike og engasjerte, men eg tenker også at dei har misforstått si rolle, slik som eg ser journalistikk: journalisten er aldri den viktige, han/ho er eit middel for å få oss over til det som er viktig, dei kan bruke seg sjølv, men det er alltid avgrensa kor breitt ein medarbeidar kan famne. Derfor må dei oftare komme seg til kjelda, ut i verda, som i dette tilfellet er forfattarar og deira tekst, til forlagsfolk, til lesarar, til lyttarar, til bokhandlarar og refuserte poetar, til kulturkjerringer og bibliotekarar, smårollingar som les, ungdommar som får stappa Ibsen ned halsen, gamlisar som aldri har lese ei bok, debutantar som skjelv eller som iscenesetjer, redaktørar som stryk eller ikkje stryk, forlagsveteranar som er fulle av skrønehistorier, Fossar som sit i grotter, og Gryttenar som fossar utanfor grotter. Tenk på alle muligheiter som finst på dette området, det er så uendelig mange ting dei kunne ha gjort, om dei hadde komme seg ut av bobla. I dag er dei innkapsla i si avstandsprega vurdering, si tru på at dei sjølve er verda.
– Og nyleg las du opp twitternoveller i eit program på radio. Korleis syntest du at dine eigne mikrofortellingar fungerte som høgtlesning?
– Eg hørte ikkje sendinga, så eg kan ikkje svare på korleis det fungerte i sendeflata.