Aktuelt

Ny DnF-medlem: Ragnhild Kolden

Ragnhild Koldens klokke viser seks. Ho står opp, luftar hunden, og spis frukost. Ho les e-post og aviser. Klokka ni går ho på jobb: går…

kolden_ragnhild_2010_c_tove_k_breistein_svart_kvitt

Ragnhild Koldens klokke viser seks. Ho står opp, luftar hunden, og spis frukost. Ho les e-post og aviser. Klokka ni går ho på jobb: går til skrivinga. Ho skriv frå ni til fire. 

– Eg prøver å ha vanleg kontortid, kommenterer ho: 

– Heldigvis har eg hatt høve til å skrive på heiltid det siste året, sjølv om det tyder mindre pengar og meir sparsemd. 

Ragnhild Kolden jobbar profesjonelt og seriøst. Og kvifor? Kva vil ho med kunsten? Slik formulerar ho visjonen for skrifta si:

Eg vil gjerne nå fram til flest mogleg, sjølvsagt, men på ei anna side er det tilstrekkeleg at det eg skriv er viktig for EINKVAN, og da kan det vera nok med ein eller to. Det er fånyttes å drive med litteratur om den ikkje har som mål å opne opp for ny erkjenning, eit nytt syn på noko i verda, blant menneska. Å skrive er eit forsøk på å plante ein tanke eller fleire hos lesaren som ho ikkje har tenkt før. Men eg vil gjerne at litteraturen eg skaper samstundes skal vera både underhaldande og tilgjengeleg, ikkje gøyme seg bak altfor kunstferdige ord og vendingar, "bli borte" på vegen fram til lesaren. Språket skal skape ei oppleving av noko viktig, truverdig eller sant. 

Der det byrja

Kolden blir fødd i Bøverdalen i 1956, og er ikkje gamle jenta når ho les Barnebibelen, som var illustrert, og Mitt Skattkammer. Som ungdom finn ho Edvard Hoems prisvinnande Kjærleikens ferjereiser. Boka, som er sett i eit romsdalsliknande fjordlandskap, er den som ho hugsar best frå bøkene i ungdomstida. 

– Men eg må nesten ta med Per Hanssons biografi om Henry Rinnan i tillegg, for den var boka som til slutt førte til debutromanen min. Eg las "Kvn var Henry Rinnan"  som sekstenåring, og alltid sidan har eg vore oppteken av andre verdskrig med alt den inneber; det ondes problem, svik, straff, skuld, moralsk plikt og ansvar, heltemot, likesæle, hat, kjærleik. 

Kolden debuterte sjølv som romanforfattar i 2010, med I krig og kjærleik, fulgte opp med Krigens skugge i 2012, og avslutta dette som blei ein triologi, i 2013 med Fredens frosne hjarte. 

– Korleis har tilhøvet ditt til litteratur endra seg frå du var ung og til no?

– Det er nok eit veldig stort og innvikla spørsmål, for eg har snart levd i 60 år, og i alle dei åra har litteraturen vore med meg. Men eg trur at studier i filosofi i tidleg vaksenliv gjorde mykje med meg både som skrivande og lesande menneske – filosofien opna nye dører på mange måtar; eg forstod på ein annan måte, las på ein annan måte, og byrja arbeide med tekst på ein annan måte enn da eg var heilt ung. 

– Korleis gjekk du over frå å lese til å skrive?

–Eg har alltid vore eit skrivande menneske, og sant å seia så veit eg ikkje korleis eller kva tid det byrja. Men eg hugsar at eg alt i barneskulealder laga fortellingarm for søskena mine.

– Og no skriv du på fulltid. Kvifor?

– Fordi eg MÅ. Det høyrest sikkert ut som ein floskel, men eg skreiv og skreiv i alle år, men først da eg var over femti, sende eg eit heilt romanmanus til eit forlag. Så eg klarte verkeleg å halde fast ved draumen min; å bli forfattar – og eg innbiller meg at da er det verkeleg noko ein MÅ. Eg har noko eg har lyst til å formidle, og eg trur at å skrive er å skape ei slags meining i det meiningslause, eller orden i kaos. Kanskje som når bonden MÅ arbeide med jord og dyr og vekster, eller musikaren med musikk, eller gartnaren med planter. 

– Kva er forholdet mellom dette med å formidle – og kommunisere, og det å skape?

– Det ein vil kommunisere er kanskje ein ide, eit standpunkt, eit syn på verda (eller i det minste delar av den). Gjennom å skape eit litterært univers gjer ein ideane og standpunkta synlege, ikkje som akademiske argument, men som noko som manifesterer seg i livet til (dei fiktive) menneska. Dersom lesaren opplever fortellinga som truverdig, og dersom han ser noko viktig han ikkje har sett før, og kanskje til og med får ei ny overtyding, har skapinga og det skapte oppfylt eit mål om å skape meining/kommunikasjon i ein viss forstand. Men teksten er aldri identisk med tankane som ligg til grunn for teksten, og berre i eit visst mon kan ein vente å nå HEILT fram til lesaren.

– Kvifor søkte du om medlemskap i DnF?

– Rett og slett fordi eg er eit fagforeiningsmenneske, og meiner at ein skal dra lasset saman og stå skulder ved skulder når ein vil endre noko eller halde fast ved noko som er viktig for mange, fortel Kolden. Som sjølvsagt vil gjere alt ho kan for å komme til årsmøtet i mars. Og veit at ho får det til ein av dagane.