Aktuelt

Ny språklov på høyring

– Eg meiner at språket som eitt av dei fremst uttrykka for norsk kultur har krav på vern. Lovframlegget slår fast at den norske staten…

trine

– Eg meiner at språket som eitt av dei fremst uttrykka for norsk kultur har krav på vern. Lovframlegget slår fast at den norske staten er fleirspråkleg i dag og bør vere det i framtida. Så er eg ekstra glad for at norsk teiknspråk får formell status i denne lova, seier kulturminister Trine Skei Grande.

«Mållovsreglane» blir i denne lova supplerte med verkemiddel som skal styrke mindretalsspråket, nynorsk.

For å få til dette, inneheld lovforslaget eit alternativ om endring for fylkeskommunane, der dei får dei same pliktene som statsorgan har i dag. Det inneber til dømes å svare på skriv frå kommunar og privatpersonar på det språket som er bruka av innsendaren.

Andre hovudpunkt i lovforslaget

·         Lova slår fast statusen til samiske språk som «urfolksspråk». Statusen til kvensk, romani og romanes blir lovfesta som «nasjonale minoritetsspråk». Norsk teiknspråk får ein formalisert status som «nasjonalt teiknspråk». Det offentlege får med det eit ansvar for å verne og fremje alle språka.

·         Regjeringa vil stille krav til at det offentlege skal bruke eit klart, mottakarretta og korrekt språk i kontakt med innbyggarane.

·         Departementet føreslår også det blir stilt krav til at statsorgan har namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving. 

Parallelt med lovarbeidet jobbar regjeringa med ei språkmelding skal vere klar våren 2020.