Ein høyrer ein del om negative effektar frå ei fragmentert medieverd. Allereie i 2009 hadde Morgenbladet ei mangesiders reportasje om korleis den nye medierøynda gjorde oss mindre skikka til lange tankerekker. Ein høyrer om kva mobiltelefonar, Twitter og andre arena for korte meldingar gjer med språket vårt; på ordplanet, så vel som i forhold til refleksjonsnivået. I ein liten serie vil vi fokusere på positive effektar av sosiale publiseringsplattformar – på språk og tekst. Korleis kan nye medier vere med på å nyskape det norske språket? Helge Torvund (f. 1951) er ein av forfattarane som brukar publiseringsformer som Twitter aktivt og medvite. Psykologen, poeten, litteraturkonsulenten, og bassist i dette jærrockbandet (bak, t.v) får starte denne vesle serien.
– Først: Kan du skildre korleis du brukar Twitter til poetisk teoretisering og – praksis?
– Vel, eg byrja slik som sikkert mange andre, med å gå inn og lage ein konto av nysgjerrigheit. Eg fatta ikkje poenget og tykte det såg rart og uoversiktleg ut. Ikkje noko for meg. Så skjedde det at nokon lurte på om det ikkje kunne passe å leggja ut korte dikt der, sidan 140 teikn er makslengd på teksten. Og så tilrådde forfattaren Nils Gullak Horvei nokre introduksjonsvideoar på youtube som Elin Ørjasæter hadde laga. Sidan eg har drive med poesi på nett i ti år på Diktkammeret til Dagbladet, er eg jo ikkje uvan med dikt på nett, og heller ein hund etter nye kanalar for formidling og spreiing av god poesi. Etter å ha lagt ut korte dikt ein periode, fekk eg enorm respons, og vart oppmuntra og oppglødd. Etter som min livssituasjon har gjort at eg er mykje meir heime og stillestijande enn før, var dette ideelt. Det rare er at eg framleis får mange nye følgjarar kvar einaste veke.
For å seia det rett ut, så forstår eg ikkje det.
– Det er så mykje ein ikkje kan forstå. Som kor nokre av dei mest surrealistiske og fine "kvitra" dine kjem frå. Kor kjem orda frå?
– Her er det to enkle svar, og eit meir komplisert som eg tek etter neste spørsmål. Orda kjem frå 1800-talets Japan. Eg legg nemleg dagleg ut ei gjendikting (via engelsk) av den store haikupoeten Issa (1763-1827). Og så kjem orda frå mine eigne diktsamlingar, eg plukkar kortdikt eller diktfragment og legg dei ut. I det siste har eg byrja å prøva ut Facebook og og kan der leggja ut lengre dikt og lydfiler der eg har lese inn dikt. Så lenkar eg til desse frå Twitter. I tillegg har eg, som du er inne på, òg plukka ein del ting som andre har sagt om poesi. Eg har eit stort bibliotek kring meg her eg sit, og veit ikkje om så mykje som gjev meg meir glede enn å gå å plukke ut bøker, finne nokre ord som rører ved noko, og formidle dei vidare.
– "Kor kjem orda frå" kan også bli svart på i meir kompliserte vendingar. Det kan vere ein invitasjon til å snakke om dei meir mystiske og esoteriske sidene ved å skape. Jon Fosse brukar omgrepet "skrivaren" som ei materialisering av dei abstrakte sidene ved kunst. Skrivaren er den tredje instansen i teksten. "Skrivaren" er ikkje fortellaren eller forfattaren. Kva vil du seie at han er?
– Eg er jo veldig oppteken av det me ikkje veit. Eg har halde foredrag med tittelen “Kunsten å ikkje vita” og i biblioteket mitt finn du bøker med titlar som “Don’t Know Mind” og “The Book of Not Knowing.”
Det er òg slik at svært mykje av det eg er og har vore interessert i, har eit ufatteleg, ugripeleg og gåtefullt element ved seg. Det gjeld barn som eg har arbeidd med som psykolog, det gjeld kvinna, som eg er gift med, det gjeld hypnose som eg har nytta i arbeidet som psykolog og vart svært fascinert av, og det gjeld poesi og skapingsprosessane. Eg såg nett at ein som er aktiv på Diktkammeret og som også har bistått oss med fabelaktig hjelp til tekniske løysingar der, Øyvind Rangøy, skreiv at “estisk og norsk er språk som kan meg”. Eg opplever sjølv veldig sterkt at det finst noko som eg må kalla inspirasjon, at eg kjenner at eg går inn i ein annan tilstand, at eg koplar meg på med ein annan type engasjement og opnar meg for uventa samankoplingar av språk og erfaring, av sanseopplevingar og kjensletankar.
Eg veit ikkje kva som skjer eller kvar den linja kjem frå som eg brått kjenner danse rytmisk inne i hovudet mitt og vise lyst til å bli starten av eit dikt, medan eg er ute og går i sanddynene, til dømes. Men nå skal det absolutt seiast at dette for meg i hovudsak dreier seg om dei dikta som hamnar i bøkene. Svært lite av det eg har lagt ut på Twitter held den kvaliteten. Men eitt og anna. Eitt og anna.
– Kva av det du legg ut får du mest tilbakemelding på?
– Eg har ikkje nett ført statistikk på det der, men eg opplever vel umiddelbart at det er dei tekstane som gjev ei lita ahaoppleving, ein uventa vri som skapar gjenkjennelegheit og gjerne eit smil. Men eg kan òg få bra respons på vakre eller vemodiige linjer frå kjærleiksdikt. Og eg er jo av den litt kjetterske meining at ein ikkje skal ha dårleg samvit fordi om ein gjer verda litt vakrare for nokre.
– Kan vi håpe på å sjå att noko av denne produksjonen i ein meir formell samanheng; manifestert som bok, eller sangtekstar?
– Nokre få linjer frå Twitterskrivinga kom med i diktsamlinga Alabama? Men når eg nå arbeider med nye dikt igjen, er det ikkje med utgangspunkt i det som skjer der. Det er lange dikt som i “Alt er høy”. Kanskje trongen til dette vert sterkare når eg skriv så mykje på 140 teikn? Fleire har vore etter meg med ønskje om å få Issa-gjendiktingane i bokform. Dei er jo gjort frå engelsk og eg kan ikkje japansk, så det er eit problem. Men eg har jo laga ei bok med indianske songar før, utan å kunne alle dei språka dei er laga på. Så me får sjå. Og songtekst har det vorte, ja. Trur du ikkje draumen til tenåringsbassisten i “Kiks” vart ein realitet då eg nærma meg seksti. “Nede for telling” av Bjørn Eidsvåg hadde sitt utgangspunkt i at eg skreiv refrenget på Twitter. han såg potensialet med ei gong, og utfordra meg til å skriva fleire vers. “Så lagar eg melodi, og så har me ein hit!” sa han, galningen. Og det galnaste er jo at det verkeleg vart den store hiten i radio og sal i 2011. Så nå har eg vore med på det òg. Mindre kjent er det sjølvsagt at andre har fanga opp mine Twittervers og alga melodi. Johan Egdetveit laga ein fin song som han og Svein Tang Wa framførte på ein kabaret ut frå ein tweet eg hadde lagt ut.
– Er dette ein del av eit større kunstnarisk prosjekt?
– Ja, eg trur nok eg kan seie at min bruk av Twitter er ein lekk i eit kunstnarisk prosjekt. Mitt livslange arbeid for å formidla til andre noko av den gleda eg sjølv har hatt og har av poesien.
Nye medier/ nyspråk
Ein høyrer ein del om negative effektar frå ei fragmentert medieverd. Allereie i 2009 hadde Morgenbladet ei mangesiders reportasje om korleis den nye medierøynda gjorde…