Aktuelt

Nye medlemmar, nye seminar

DnF jobbar mellom anna for innkjøpsordninga, momsfritak på bøker, for stipend til forfattarar, for kollektive kontraktar. Dei jobbar mot kulturpolitikarar for å minne dei om…

M.a. Tiger Garté, Birger Emmanuelsen, Sigmund Skåden og Helene Guåkar (f. v) © Mette Karlsvik

DnF jobbar mellom anna for innkjøpsordninga, momsfritak på bøker, for stipend til forfattarar, for kollektive kontraktar. Dei jobbar mot kulturpolitikarar for å minne dei om at desse litteraturpoiltiske verkemidla er til det beste for lesarar, kulturen og staten. Og dei tar ikkje for gitt at staten, politikarar, lesarar – og forfattarar sjølv – skjønner viktigheita av desse litteraturpolitiske verkemidla.

(Hege Newth (t.v) og Mette Møller. 

(M.a. Øivind Hånes, Tiger Garté, Hege Newth, Mette Møller, Sigmund Løvåsen, Birger Emmanuelsen, Helene Guåker (f.v)) 

Det er av grunnane til at DnF kvart år har eit seminar for dei nye medlemma sine. Seminaret i år liknar seminaret i fjor og året før. Fordi seminara åra før var velykka, er ein grunn til dette. Kvifor endre ei suksessoppskrift. Det føreseielege dempar angst. Seminaret byrjar med framlegg frå Anne Oterholm. Ho overraskar. Ho kallar DnF ein spagat: ei forening mellom fagforeining og laug. Men kva ein enn kallar det vi driv med, seier ho: Så er dette botnlina for røsla: 

– Ein jobba for å stimulere bokproduksjonen. Korleis gjorde ein det, i byrjinga? Det kom eit forslag om omsetjingsavgift på vekeblad, fortel Oterholm. Men frå 1959 kom forslaget som etterkvart blei til innkjøpsordninga. Det var sett frå eit utval der m.a. Hans Heiberg satt. I 1966 kom innkjøpsordninga. Den gav eit grunnlag for forfattarøkonomi. 

– Men kva ein enn driv med, seier Oterholm, i framlegget sitt:

– Uansett kor ueinige vi er om dette og hint, i DnF, så har vi solidariteten. Og utan solidariteten kan vi legge ned det heile. Og på grunn av solidaritetstanken kom forfattarane ut noko betre enn mange andre kunstnargruppar under levekårsundersøkjinga frå 2008, seier ho. 

Nokre ord på jussisk

Generalsekretær i DnF, Mette Møller, minner dei nye medlemmane om kva rettar og dei har, som forfattarar på norske forlag: 

– Vi er det einaste landet i verda som har standardkontraktar for bokutgivelser, seier ho, men teiknar også opp ein tanke-kross:

– På eitt vis er forfattarane og kunstnarane i same bås som arkitektar, advokatar og tannlegar – fordi vi blir definert som næringsdrivande. På mange vis er det urettvist mot forfattarane, det å bli samanlikna med yrkesgruppar som tener så godt. Men det som vi har fått til, er at vi kan drive kontraktforhandlingar ilag.

Mette Møller viser til at forfattarar har ein del fridomar omkring normalkontrakta. Det som er forleggarar sin særrett, er først og framst at dei har einerett til å trykke boka. Papirbokutgåva, er dette som forlag har einerett til.

Noreg: Ein særs fri by

Som vanleg, er det også noko uvanleg – på seminaret. «Uvanleg» – som i noko utanfrå foreininga. I år er Hege Newth her, frå Pen Norge. Ho snakkar om ytringsfridom og truge forfattarar. Ho innleier med historia om Anna Polikotskaya, som fekk DnFs ytringsfridomspris i 2005 og som blei drept, for ytringane sine, to år seinare. 

Ho fortel om korleis Salmand Rushdie tok iniativ til fribyforfattarnettverket: ein måte å ivareta forfattarar som er forfulgte og truga for ytringaine sine. 

Newths arbeid er å hjelpe fribyforfattarar å vere forfattarar i Noreg. Og kva blir krevd av dei? Det skal vere dokumentert at dei er forfattarar og at dei er truga der dei kjem frå. Pen Internasjonal har oversikt over dette, og bistår i denne dokumentasjonen. Newths arbeid består mykje i å sende søknadar til UDI, med innstilling til fribyforfattarar. 

Litt om fribyforfattarordninga: Det er berre ioverkant av 100 forfattarar fribyforfattarar i verda. Heile 48 av desse er i Noreg. Bø, Bergen, Harstad, Drøbak, Skien, Tromsø og Trondheim er blant dei 14 byane i Noreg som har status som friby. Newth informerer om kva ein friby er, og skal tilby: 

I to år skal firbyen vere ein stad der ein forfrattar skal bli verna, og få ytre seg fritt. Newth brukar litt tid til å fortelje om problema som kan oppstå når dei to åra er over: I andre land må fribyforfattarar forlate byen etter dei to åra. Men i Noreg blir dei aller fleste forfattarane buande. Dei får stort sett alltid opphaldstillating. 

– Dei er ulike. Men tilfelles har dei at dei går over lik for å fortelje om noko som er viktig for seg – og for verda, seier Newth, og spør – retorisk: 

– Men kvifor er det så viktig å ta vare på nettopp forfattarar? Kvifor ikkje forsvare truga rørleggarar?

Svaret hennar: Pennen er mektigare enn sverda. Det er ein realitet.

Seminaret blei som vanleg avslutta med sosialt samver, i det grøne rommet under gamle Rådhussalen. 

PAUSE: Kontorleder Kerstin Bennett jobber i kulissane for eit triveleg og varmt velkommande medlemsseminar.

EENGASJERT: Leiar i Internasjonalt Utvalg, Øivind Hånes, informerte om DnFs internasjonale arbeid.

Generalsekretær Mette Møller og leiar i DnF, Sigmund Løvåsen.