Aktuelt

Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen

Prisen er på 30 000. Tre vegar til havet kom ut hausten 2018. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med…

brit_bildoen_foto_linda_cartridge

Prisen er på 30 000. Tre vegar til havet kom ut hausten 2018. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Frå grunngjevinga til juryenTre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman…Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk.