Nynorsk litteraturpris til Eirik Ingebrigtsen

Noregs Mållags nettstad skriv:  – Skriving er mykje tru og tvil. Når eg er i tvil om det eg skriv godt nok, skal eg minnest…

eirik_ingebrigtsen

Noregs Mållags nettstad skriv: 

– Skriving er mykje tru og tvil. Når eg er i tvil om det eg skriv godt nok, skal eg minnest utsynet over denne forsamlinga, sa Eirik Ingebrigtsen, til landsmøtesalen då han fekk litteraturprisen. 

Dette er den sjuande boka av Eirik Ingebrigtsen. Han er frå Os i Hordaland og bur i Oslo. Boka kom ut på Oktober forlag. Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret står bak prisen og den er på 30 000 kroner.

Ragnar Hovland, Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen har sete i juryen for Nynorsk litteraturpris.

– Nynorsk litteraturpris 2015 går til ein forfattar som skriv om omsorg, og om skilnaden mellom det nære og det fjerne. Boka er ei skildring av det norske overflodssamfunnet sett frå utsida. Hovudpersonen, Sven, blir med på ei reise der han får sjå Europa frå romfolkets perspektiv. Det er ikkje eit vakkert syn, skriv juryen.

Heile grunngjeving frå juryen:

Nynorsk litteraturpris 2015 går til ein forfattar som skriv om omsorg, og om skilnaden mellom det nære og det fjerne. Boka er ei skildring av det norske overflodssamfunnet sett frå utsida. Hovudpersonen, Sven, blir med på ei reise der han får sjå Europa frå romfolkets perspektiv. Det er ikkje eit vakkert syn.

Konflikten er enkel, og han strammar seg sakte og nesten umerkeleg til gjennom heile romanen, heilt til slutten, som er nesten uuthaldeleg triviell i all sin enkelheit. Lesaren skjønnar med eitt at boka ikkje handlar om Sven, ho handlar om oss, om Noreg, om meg, og om meg og verda, og om korleis eg møter dei andre.

Boka går rett inn i dagens diskusjon om korleis vi tek imot menneske som søkjer ly og livsopphald hos oss. Handlinga er basert på hendingar i Oslo og Ungarn der grupper av romfolk har vorte jaga og utsette for overgrep. Forfattaren beskriv sorga og maktesløysa hos menneske på flukt, og han får fram korleis det er å vere totalt avhengig av andre for å overleve. Samstundes framhevar han at kvart individ har sine ressursar. Han får òg fram kor oppfinnsam og romsleg den må vere som skal klare seg frå dag til dag i ei framand verd. Hovudpersonen Sven vil hjelpe, men kva når situasjonen krev eit meir varig engasjement? Som lesar sit vi att med ubehagelege spørsmål, og vi reflekterer over kva vi sjølve ville gjort om vi var i Sven sine sko. Det er nok også forfattaren si meining.

Forfattaren har eit nøkternt og effektivt språk. Historia er fortald utan store fakter, men slik at lesaren ser alt tydeleg for seg og blir riven med. Forfattaren har berre med dei detaljane som er nødvendige, men desse blir ekstra tydelege og levande.

Boka vart gjeven ut på Forlaget Oktober.

 

Kjelde: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=4104