Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse

Om «Det andre namnet,» første del av «Septologien», skriv juryen:   «Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På mange måtar er denne boka…

jon_fosse

Om «Det andre namnet,» første del av «Septologien», skriv juryen:  

«Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På mange måtar er denne boka typisk for forfattaren, og samstundes vitnar ho etter juryens meining om fornying. Ein kjenner att skrivemåten, stilen, det suggererande og repeterande, det tilhogde språket. Men teksten er lengre enn vanleg for forfattaren. Det gjer noko med forteljinga. Her lar han over fem hundre sider gå utan at det vert sett punktum. Det gjer ikkje boka mindre leseleg. Forfattaren hjelper til med både lineskift, avsnitt og store bokstavar. Men fråværet av punktum gjev teksten ein eigen rytme, ein eigen intensitet, ei eiga tidskjensle.»

Juryen til Nynorsk litteraturpris har vore Carl Morten Amundsen, Marta Norheim og Heming Helland Gujord.

Fosse vann Nynorsk litteraturpris for «Bly og vatn» i 1992 og «Auge i vind» i 2003.